Kaisa Aglen: Stilla og ropet

Foto: Benedikte Skarvik

Kaisa Aglen er lyriker og født i 1985 i Volda. Nå bor hun i Trondheim hvor hun har studert filosofi. Hun debuterte med Kvar i kroppen sit ingenting (2012) og har siden gitt ut Mellom krig (2016), begge på Samlaget som bidrar med honorarstøtte til sine forfattere på denne nettsiden. Vi takker for nyskrevet dikt!

1

 

i ein draum:  det finst ingen planetar.    vi er fri for skuld.   forletne.   ei brun hinne

over auga.   vi seier   verda.   og meiner   jord.   gravitasjon.   horisont    

 

fjella i ryggen.   isbre.   regn.   havet si vante krumming.   vi kjenner storleiken med

lukka auge.   denne eine kula.    grodd inn i knoklane.   i natta   

 

i handleturar.   hundebjeff.   elsk.   slik vatnet vil renne nedover.    fjella  og kinna

og trestammane.    bundne  til milliardar av år.   til cellene.   og ropet

                                                        

 

2

 

flaumbyggverket sett frå dalsida om natta.   hjullastarar og nysprengd stein

dei enorme dimensjonane.   dalsøkket.   betongen lyser blågrått

 

vi går ut av bilen.   katastrofa har ingen eigen lyd.   ho liknar gårsdagen og

neste morgon.   om jorda revnar.   om du forlet meg

 

 

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑