når
kvelden
kjem har eg
verda på fingrane,
og mor fortel om eit
fargerike, der ulven et
blomar og lammet luktar
som varme som blome
ei elv renn gjennom
landskapet
vatnet er
vått lys
og alle trea
som veks langs
elvebredda
vil bere
frukt
heile
året
kvar
morgon
vaknar eg i håpet:
at kvar ny blome, kvart
blad som mørknar grønare
er teikn på kva verda
skal vekse inn i,
at fargeriket
skal kome
 
kvar
kveld
må eg vaske
verda av fingrane
for å kunne drøyme igjen

/

Siw-Anita Kirketeig (f. 1988) er fra Dale i Sunnfjord. Hun har tidlegere studert både  ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og ved Kunsthøgskulen i Bergen. Hun debuterte i 2012 med Alt kjød er grønt gras. Vi takker forfatteren for det nyskrevne diktet, og Samlaget som bidrar med honorarstøtte!