babyen raudnar i huda
trykket frå fingrane mine
enda så forsiktig
under oss er mantelen
over er himmelen
kor stor eller liten
munn opnar seg
–
ramnen hekkar i fjellet
derfor er det namnet gamalt
eg hermer han med min lyd
så nært nærleik
veks eg blir ikkje du mindre
eit plaster er ei fjør
fuktar ho i vatnet
under høge fjell
det er natur å vere fugl
raud av sol
–
eg sit på ryggen til mor
speidar etter sjøen
kvar er vi no
sjøfuglane krinsar
vil til vatnet
mor kan ikkje bere meg lenger
eg slepp taket kring halsen hennar
let meg sige
nakkehåra blafrar
framfor meg som segl
–
åkeren opnar himmelen
eg balanserer på skorpene av is
under veks frøa
budde knoppar
set merke i snøen
frå undersida
her fall sol
kjem du for å kjenne det
når det er eg som ber deg
halde barnet mor
han ligg i lyset
//
Klimaaksjonen takker Juliane Rui for nyskrevne dikt!