Kva er det vi driv med? / Gaute Eiterjord

Foto: Thor Due

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

«Miljøparagrafen», §112 i Kongeriket Noregs grunnlov

/

5. november 2019 sit eg i ein vitneboks i Borgarting lagmannsrett. Klimasøksmålet mot staten går av stabelen for andre gang, denne gongen som ankesak. Framføre meg sit tre dommarar med steinansikt.

Til høgre sit regjeringsadvokaten Fredrik Sejersted og hans to medadvokatar, i tillegg til eit par byråkratar frå Olje- og energidepartementet. Til venstre sit våre advokatar, Cathrine Hambro og Emmanuel Feinberg, i tillegg til vi som representerer partane i søksmålet: Natur og Ungdom, Greenpeace, Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon. Eg sit i vitneboksen for å ha partsforklaring, for å fortelle dommarane kvifor Natur og Ungom er part i dette søksmålet og kvifor saka er viktig for oss. 

Eg har akkurat fortalt korleis vi i fleire år har prøvd på alle måtar å få politikarane til å sette foten ned for oljeboring i den nordlegaste delen av Barentshavet. Korleis vi har hatt møte, skrive lesarbrev, produsert faktaark, hatt demonstrasjonar: Vi har fått fram alle dei tunge miljøfaglege argumenta som talar mot å opne eit av våre mest sårbare havområde for risikabel og klimafiendtleg oljeboring. Eg fortel om korleis barn og unge over heile verda same vår måtte streike skulen for å bli høyrt. Kor hardt vi har kjempa i årevis for dette. Plutseleg snører halsen seg og eg får eg ikkje fram eit ord til. Eg byrjar rett og slett å grine.

Det er ikkje fordi eg er nervøs. Å sitte i ein vitneboks er ikkje noko skummelt. Du får ein ro over deg, og du har god tid. Dessutan kan eg detaljane i eg dette søksmålet ut og inn etter å ha jobba med det i tre år. Eg er ikkje usikker på saka eller redd for å seie noko som ikkje stemmer. 

Grunnen til at eg sit i ein vitneboks og feller frustrerte tårer ein novemberdag i 2019 er fordi eg er skikkeleg sint. Eg er frustrert over at det blir tatt så mange avgjerder om framtida som vi unge ikkje får vere med og påverke. Over at klimakrisa allereie har gått så langt at vi uansett vil måtte leve med store endringar i naturen som blir utruleg krevande og kostbare. Eg er forbanna fordi det er vi som må ta støyten for fordi dei som er eldre og har meir makt enn oss ikkje har gjort nok før, sjølv om dei hadde høve. Når dei i tillegg tillèt endå meir oljeleiting, gjer dei berre problema større. 

Omsider får eg kontroll over stemmen og gjer det klart også for dommarane kor stor urett som blir begått mot dagens unge. Dommarane sit framleis med steinansikta sine, som ikkje avslører kjensler. Eg veit ikkje om den vesle nedsmeltinga mi i vitneboksen nådde fram til dei, men eg håper dei kjente på noko av den uretten og frustrasjonen unge føler på når vår grunnlovsfesta rett til eit sunt miljø ikkje blir respektert av vår eigen stat.

Det sårbare Barentshavet

Bakgrunnen for at staten er saksøkt for brot på Grunnlova er at regjeringa i 2016 ga lov til oljeboring nord i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde. Ein konsesjonsrunde er det ein kallar rundane der staten deler ut lov til å leite etter olje i. I 23. konsesjonsrunde fekk oljeselskapa lov til å bore etter olje lenger nord enn nokonsinne før, i sårbar natur. 

Sommaren 2018 segla Natur og Ungdom opp til Barentshavet for å lage dokumentaren Ekspedisjon Barents. Den viser kvifor dette er eit havområde som vi er nødt til å ta vare på. Mens mange hav rundt omkring i verda slit med overfiske, låge sjøfuglbestandar og forureining, så er Barentshavet framleis nokolunde reint, og fullt av liv. Thor Due var kaptein på ekspedisjonen, og hadde stemma i dokumentaren: «Denne filmen er ikkje historia om alt som har gått tapt, det er historia om alt som fortsett lever, fortellinga om alt vi kan ta vare på. Det krev handing, eller kanskje motsett. Det krev at vi lar Barentshavet får ligge i fred.»

For det er berre slik vi kan sikre det yrande livet over og under vatn. Då Ekspedisjon Barents kom til Bjørnøya, var det så mange fuglar at det ikkje var til å fatte. Himmelen og klippene på fjella der oppe er smekkfulle av lomvi, krykkje, lundefugl, alker, måker og andre fuglar som bruser av liv der dei flaksar rundt etter mat, eller sit trongt saman på smale fjellhyller og passar på ungane sine.

Under vatn er det kanskje endå rikare. I dei områda av Barentshavet som havisen bevegar seg gjennom – det forskarane kallar iskantsonen – skjer ein av dei viktigaste biologiske produksjonane i norsk farvatn. I området sør for isen, der kalde vassmassar møter varmare hav, blir det ein eksplosjon av liv idét algane blomar opp. Desse ørsmå organismane utgjer ein gedigen biomasse  som dannar grunnmuren for resten av livet i Barentshavet. Det sikrar næring til fisk, sjøfuglar, kvalar, selar og isbjørn – og oss, når vi i neste omgang haustar av dei rike fiskeressursane herifrå. Eit oljeutslepp her vil vere katastrofalt. Så langt mot nord, så langt frå land, med mørketid, ising og kulde, vil ikkje oljevernberedskapen fungere. Dessutan trugar klimakrisa livet i Barentshavet også: I Arktis skjer oppvarminga av kloden dobbelt så raskt som elles i verda. 

Dei tre siste åra har Equinor og andre oljeselskap fått bore her. Og feil skjer. Januar 2019 måtte Equinor til dømes stenge ned boreoperasjon sin i området då det skjedde tekniske feil. Det skjedde heldigvis ingen utslepp til sjøen den gongen, men hendinga illustrerer at det alltid er ein risiko til stades. Kvar brønn som blir bora i dette området, representerer eit trugsmål mot uerstatteleg natur som vi ikkje har råd til å miste.

 

//

Kjelder

Gautun, A. T. (Produsent), Due, T. (Regissør). (2019). Ekspedisjon Barents [Dokumentarfilm]. Noreg: Natur og Ungdom. Henta frå: https://www.utemagasinet.no/ute-tv/ekspedisjon-barents

Faglig forum for norske havområder: «Det er fremdeles utfordringer for beredskapen i nordområdene, knyttet til blant annet kulde, is, store avstander, og gjennomføring av aksjoner i kyst og strandsonen.»

Faglig forum for norske havområder. (2019.) Risiko for og beredskap mo akutt forurensning – endringer og utviklingstrekk (Rapport M-1304/2019). Henta frå: https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/m1304/m1304.pdf

Riksrevisjonen: “Myndighetene har ikke sørget for at oljevernberedskapen er godt nok tilpasset de særskilte forholdene i nordområdene.” 

Riksrevisjonen. (2019, 26. mars). Dokument 3:9 (2018-2019): Undersøkelse av myndighetenes arbeid med å ivareta miljø og fiskeri ved petroleumsvirksomhet i nordområdene. Henta frå: https://www.riksrevisjonen.no/rapporter-mappe/no-2018-2019/undersokelse-av-myndighetenes-arbeid-med-a-ivareta-miljo-og-fiskeri-ved-petroleumsvirksomhet-i-nordomradene/

Andersen, I. (2019, 22. januar). Stanset boreoperasjon etter brønnhendelse. Teknisk ukeblad. Henta frå:  https://www.tu.no/artikler/stanset-boreoperasjon-etter-bronnhendelse/456100https://www.tu.no/artikler/stanset-boreoperasjon-etter-bronnhendelse/456100

 

///

Gaute Eiterjord (f. 1995) har vore engasjert i Natur og Ungdom sidan han var 14, og var leiar av organisasjonen i 2018 og 2019. Som leiar var han med og organisere klimastreikane og representere Natur og Ungdom i klimasøksmålet mot staten. I 2019 var han med å ta i mot Fritt Ords pris på vegne av Natur og Ungdom, som saman med Greta Thunberg fekk prisen for arbeidet med å gjere miljøkampen handlingsretta. I 2019 kåra D2 han til ein av 30 unge ledestjerner som vil gjere verda betre. Til kvardags studerer han naturforvaltning.

Comments are closed.

Powered by WordPress.com.

Up ↑