«Det handlar ikkje lenger om å stoppe klimaendringane. Det handlar om å lære å overleve i ei verd som har kollapsa.»
…..Orda blir uttala av Javier, ein ung spanjol med flammen frå bålet reflektert i dei mørke auga. Sjølv har han lagt bak seg ei karriere som programmerar, fordi den, stikk i strid med kva media og ekspertar hevdar, ikkje er behov for i framtida. Rundt bålet nikkast det alvorleg. Det er den årlege konferansen til Global Ecovillage Network i 2017, og er det ein ting dei alle verkar einige om, så er det dette: Framtidsmennesket må kunne byggje hus, sanke mat i skogen, og overleve på lite.
…..Eg bit meg i leppa. I løpet av halvåret eg studerte økolandsbyar, har høyrte eg mange liknande utsegn. Framleis synest eg dei høyrest vel konspirasjonsteoretiske ut. Korleis foreslår desse folka at vi skal leve godt i ei verd som har kollapsa?
Eg kom til Ängsbacka nokre månader tidlegare.
….Ängsbacka er, ifølgje heimesida, en av Nordens främsta mötesplatser för människor som vill växa i medvetenhet, leva med ett öppet hjärta och värna om vår planet. Staden begynte som eit alternativt community på 90-talet. Hit kom folk som ikkje var heilt overtydd om at den moderne livsstilen var det ypparste planeten hadde å by på, og som var nysgjerrige på å prøve noko anna. Tradisjonelt har fokuset vore på kurs, festivalar og aktivitetar. Meditasjon. Yoga. Tantra. Grunntanken er at den som lever i fred med seg sjølv, også vil leve i fred med andre, naturen inkludert. Men dei siste åra har Ängsbacka sett seg som mål å gjere meir aktive grep for berekraft. Det mest ambisiøse av desse grepa er å byggje ein økolandsby i skogen rett utanfor hovudområdet.
«Og så lurte vi på om du kunne tenke deg å vere prosjektleiar?» Ängsbacka-koordinator Liina ser håpefullt på meg.
…..«Spennande!» seier eg, og prøver å høyrest meir sjølvsikker ut enn eg føler meg.
…..På Ängsbacka er dei begeistra for at eg er ingeniør. Ein reaksjon det er mogleg eg sjølv har bidratt til å forsterke med å understreke at ei ingeniørutdanning lærer deg først og fremst å lære deg ting. Eg skal alltids finne ut av korleis ein byggjer eit hus. Men jo meir eg les om byggjeskisser og materialpremiss, jo meir kjenner eg meg som ein overutdanna, underutvikla tulling. Jo visst kan eg som undervannsingeniørkalkulere trykket i ein havbotnformasjon fleire hundre meter under bakken, og eg veit korleis ei pumpekurve må sjå ut for å ikkje sprenge formasjonen. Men byggje eit enkelt trehus? Når sant skal seiast, har eg ikkje brukt den typen verktøy sidan sløyden.
Og kva er eigentleg ein økolandsby? Korleis skil den seg frå ein vanleg landsby?
…..Før eg kom såg eg for meg smilande folk som slentra berrføtt over gardsplassen og bar grønsaker i heimefletta korger. Ikkje heilt ulikt ei tradisjonell vestlandsbygd, men med litt finare ver og litt fleire haremsbukser.
…..På Ängsbacka blei det fort klart at det aller viktigaste med økolandsbyen, er at den skal designast etter prinsippa for permakultur. Permakultur er kort for permanent kultur, altså ein kultur som kan eksistere permanent fordi den ikkje utarmar miljøet. Ein jobbar med det eksisterande økosystemet i staden for å erstatte det med eit mykje mindre mangfaldig, menneskeskapt økosystem. I naturen er avfall frå ein prosess til nytte i ein annan, medan avfall i menneskeskapte prosessar stort sett ender opp på store søppeldeponi eller i havet. I permakultur skal ein altså kople saman prosessane, slik at avfall frå ein prosess blir ressurs for ein annan. Ein vanleg permakulturspøk går som følgjer: Du har slett ikkje for mange sniglar, du har for få ender!
…..Det er i jordbruket permakultur har lengst tradisjon. Der brukar ein eit vidt spekter av planter og grønsaker som veks side ved side. Det er planter og insekt som sørgjer for fertilisering og pestkontroll, ikkje kjemikaliar, som i moderne jordbruk. Desse ulike artene blomstrar gjerne under ulike forhold, noko som aukar systemets motstandsdyktigheit. Og motstandsdyktigheit er ein ting det moderne jordbruksmirakelet manglar. Ifølgje tal frå FNs organisasjon for ernæring og landbruk, blir over seksti prosent av menneskets energibehov i dag dekka av fire avlingar: ris, kveite, mais og potet. Denne avhengigheita av eit avgrensa utval råvarer gjer oss sårbare for klimaendringar. Om avlingane blir påverka slik at desse fire produserer berre halvparten av det dei gjer i dag, har vi eit stort problem.
Isoleringa inni veggane er sagflis, eit kontroversielt val. Det einaste du finn om du googlar insulating with sawdust er tips til korleis fjerne den og erstatte den med noko meir isolerande. Likevel har vi brukt det.
I økolandsbyen vår skal ikkje berre jordbruket følgje permakulturprinsipp. Det skal òg kvart einaste bygg. Tanken er at dei som vel å flytte hit skal få moglegheita til å designe og byggje sine eigne hus. Men visse parameter gjeld: Materiala skal vere kortreiste, berekraftige og nedbrytbare. For å unngå bustadspekulasjon, skal det ikkje vere lov å selje eit hus for meir enn 300 000 svenske kroner uansett kva verdi det har. Vidare skal dei som buset seg i økolandsbyen forplikte seg til dugnadsarbeid eit par timar i veka. Hagearbeid. Barnepass. Yoga-instruksjon i felleshuset. Ideen er å finne ut om det går an å leve annleis enn det moderne livet dei fleste av oss lever, kor kvar av oss kjøper ein haug med varer og tenester med eit mål om å vere sjølvstendige. Det kan høyrast ut som Ängsbacka drøymer. Om dei gjer det, er dei iallfall klar over det: Økolandsbyen har fått namnet Forest Dream.
…..For å dra draumen over i verkelegheita, skal eg og ein handfull andre byggje det første huset. Ifølgje prosjektplanen eg litt nølande sette opp på våren, skal det vere fullt mogleg å byggje eit hus som utelukkande består av lokalt eller brukt materiale, til eit samla budsjett på 50 000 kroner.
I desember 2017er huset ferdig. Vi har bygd grunnmur av steinar vi har funne sjølv, brukt bjørkebark som fuktsperre, spikra opp huset med plankar vi har saga sjølv av tømmer frå skogen. Taksteinen fekk vi gratis etter å ha sett ein lapp i lokalbutikken, dør og vindauge fann vi billige på svensk finn.no. Vi har bygd møblar av restplankane, inkludert eit heilt kjøkken, og vi har plastra veggane med pappmasjé for ekstra isolering. Isoleringa inni veggane er sagflis, eit kontroversielt val. Det einaste du finn om du googlar insulating with sawdust er tips til korleis fjerne den og erstatte den med noko meir isolerande. Likevel har vi brukt det. Sagflis er lokalt, det er eit biprodukt av kutta plankar. Men er det berekraftig å bruke eit lokalt og nedbrytbart isoleringsmiddel dersom prisen for det er at du må fyre meir for å halde varmen? Dette viser seg å vere ei tilbakevendande utfordring med eit premiss som berekraftig:
…..Det er ikkje alltid innlysande kva berekraftig betyr.
Medan Ängsbacka drøymer, har økolandsbyar over heile verda kome lenger på ferda.Under planlegginga av Forest Dream, fekk eg moglegheit til å reise rundt og besøke andre økolandsbyar, og på sommaren kom aktivistar og idealistar frå heile verda på besøk til oss. Ängsbacka var nemleg vert for den årlege konferansen til Global Ecovillage Network (GEN), eit nettverk som består av rundt 10 000 økolandsbyar frå heile verda, frå Sri Lanka til Brasil til Noreg.
…..Reisene og konferansen gjorde det raskt tydeleg at å leve berekraftig ikkje er ein bestemt livsstil. Det er like mange løysingar som det er folk. I Sverige, ikkje langt frå Ängsbacka, besøkte eg Ridgedale, ein gard som både drivast av permakulturprinsipp og er ein kommersiell suksess. Grunnleggjaren har altså valgt å kombinere idealisme og moderne økonomi. I Arkhangelsk i Russland besøkte eg ein økolandsby som mest av alt minna om ei tradisjonell russisk landsbygd. Det verka som det einaste som gjorde den øko var at tida hadde stått stille der i hundre år. Og så var det alle historiene frå dei tilreisande på GEN-konferansen: Historier om økolandsbyar kor internett var forbode. Økolandsbyar som verka meir som Silicone Valley-aktige hub-ar for digitale nomadar som sat i skuggen av mikrohusa sine og drifta sine start-ups før dei avslutta dagen med ei økt i grønsakshagen. Økolandsbyar kor monogami ikkje var tillate fordi det ikkje samsvarar med grunntanken om å dele på alt.
Eg kjenner det som ei ubestemt kribling. Rastløyse ved å sitje åtte timar ved pulten kvar dag når eg har opplevd kor mykje desse hendene kan gjere. Minnet om dagar på byggjeplassen med frisk luft og samarbeid med fine folk.
Men ei haldning hadde dei fleste økolandsbyane felles: Berekraft handlar ikkje berre om gjenbruk og kompostjord. Det handlar òg om måten vi er med kvarandre. Korleis kan vi vere ueinige med kvarandre på ein måte som gjer forholda våre djupare og ikkje meir splittande? Ta ansvar for våre eigne ord, men ikkje for andre sine reaksjonar på dei? Setje grenser for kva vi vil vere med på?
…..For økolandsbyar er dette viktig. Ein berekraftig landsby er nøydd å lære seg å leve saman.
…..Derfor arrangerer dei fleste økolandsbyar workshops i nettopp sånne ting. Ikkje-valdeleg kommunikasjon. Konflikthandtering. Aktiv lytting. Uttrykkje samtykke og seie nei.
Tre år seinare bur eg i Oslo. Eg har kontorjobb og overprisa blokkleilegheit, og eg er slett ikkje alltid god på å seie klart i frå når eg er ueinig. Året på Ängsbacka verkar meir og meir som ein draum. Eg kjenner det som ei ubestemt kribling. Rastløyse ved å sitje åtte timar ved pulten kvar dag når eg har opplevd kor mykje desse hendene kan gjere. Minnet om dagar på byggjeplassen med frisk luft og samarbeid med fine folk. Ein lett irritasjon når eg møter folk som har sett ein dokumentar av typen Wild Wild Country og derfor trur prisen for å takke nei til storsamfunnet er å takke ja til ei sekt. Må det vere anten eller?
Når eg skriv dette, har det òg blitt ei politisk kampsak at Noreg må vere meir sjølvforsynt. Pandemien har sett fokus på kor avhengige vi er av importert mat og importerte arbeidarar til for eksempel byggjebransjen. Det klagast over at vi er så spesialiserte at vi ikkje lenger meistrar dei grunnleggande tinga: Dyrke mat. Byggje hus.
…..I det siste har eg tenkt mykje på den pessimistiske spanjolen ved bålet.
…..Det handlar ikkje lenger om å stoppe klimaendringane. Det handlar om å lære å overleve i ei verd som har kollapsa.
…..Eg lurar på om 2020 var den første av mange testar på korleis det følast å leve i ei verd som har kollapsa. Lurer på om Javier, der han bur med familien sin i ein økolandsby oppe i fjella i Andalucia, eigentleg merkar forskjellen i det heile tatt. Kanskje held dei fram akkurat som dei gjorde i 2017 – dyrkar mat, jobbar saman, underheld kvarandre med song og musikk på kveldane.
…..Det er ein fin tanke. At uansett kor galen verda blir, så finst det framleis sånne stader.
…
//
…
Sunniva Vagstad (f. 1987) er ingeniør i undervannsteknologi og har også ein mastergrad i russisk. Ho gav ut debutromanen Fritt fall på Aschehoug våren 2020. Same haust kom bok nummer to, barneboka Det brenner! Denne er skrive saman med Dominic Munton, som ho møtte då dei bygde økolandsby i Sverige.
Foto: Jan Tore Eriksen