Få noko ut av det / Gaute Sortland

Me har lagt om i hagen. Torsdag før påskeferien fjerna eg dei halv-rotne grønsakskassane og laga åker. Drog jorda saman i fem fine grønsakssenger som nå ligg parallelt med gangveg mellom seg. Alt nøye målt opp av kona mi. I påskeveka skal me så, om nattefrosten berre vil gje seg. Det har vore kaldare enn normalt. Alt matavfall grev me ned i den siste rada. Neste år vil jorda der vere svart og næringsrik og me vil kunne hauste frukta av vår innsats og vårt avfall. Det er rart, men vår eigen grøde kjennest verd ti gonger så mykje som den ein kjøper.

Det er mørkt når eg kjem inn, og kaldt i huset. Ungane har stort sett lagt seg. På grunn av utslippa har me vurdert å trappe ned på vedfyringa som eg elskar så høgt, men eg fyrer likevel litt for kosen, og finn fram noko kveldsmat som smakar himmelsk etter arbeidet. I hagen kan eg så vidt sjå konturane av kona mi som ikkje vil gi seg og legg duk over spede spirer. På kveldsnytt er det nye bilete og reportasjar frå krigen i Ukraina. Bileta er tatt med drone og viser enorme mengder svart, giftig røyk stige mot himmelen frå utbomba byar og drivstofflager. Det brenn og brenn og alt eg nettopp hadde i henda, som verka så meiningsfullt, blir tømt for innhald. Er det brått lov til å drepe menneske? Har det alltid vore slik?

Siste dag før påsken er det så fint ver at alle i familien tar syklane til skule og jobb. Å vite at bilen står ubrukt heime i garasjen er godt. Det er påskelunsj på jobb og personalrommet er fullpakka. Me snakkar om kva me skal i sommarferien som brått berre er eit par månader unna. Eg er som vanleg sein ute og har ikkje planlagt noko. Det blir vel hytta og ein biltur i Noreg, besøke nokre vener og til fjells. Mange av kollegaene mine skal utanlands etter år med koronarestriksjonar. Særleg ei av dei er reiseglad og seier ho har ambisjonar om å reise om lag fire turar utanlands i åra framover. Det er mykje å ta igjen. Og det er sjølve reisinga som gir meining, seier ho. New York-tur til hausten er allereie bestilt! Det blir stilt rundt bordet etter at dette er sagt. Kanskje tenker dei andre som meg at det kanskje blir litt vel mykje flyging, men orkar ikkje å seie noko? Det er tydeleg at stilla er plagsam for den reiseglade, og ho legg nokså hektisk til at ho berre har eitt liv, og vil få noko ut av det. Alle ser litt hit og litt dit og går for å forsyne seg meir av buffeen.

Om ettermiddagen køyrer eg sonen min til speletime på kulturskulen og må gi etter for varsellampa i bilen som har blinka eit døgn allereie. Eg kan ikkje vente lengre på at drivstoffprisen skal søkke så etter å ha vinka til sonen min køyrer eg ned til bensinstasjonen i sentrum. Den har vore på same plass heile mitt liv. På andre sida av buss-stasjonen. Lågt under taket i første høgda på eit murhus som eigaren ikkje kan ha høge tankar om. Mørkt og slitt, nesten som i ein storby. Men berre nesten. Medan eg fyller diesel låser eg pumpehandtaket så eg kan sjekke e-post. Det er meir ein spasme enn ein nødvendigheit. Kan ikkje ha vore meir enn 15 min sidan sist. Ein ny e-post har likevel komme og minner meg om å sende inn tekst til forfattarane sin klimaaksjon. Det står at eg lova å bidra for to månader sidan. Nok ein gløymt lovnad. Dei honorerer bidrag med ein symbolsk sum på tusen kroner, står det. Bensinpumpa lagar ein mekanisk smell i det tanken er full. Teljeapparatet bikka så vidt tusen kroner. Eg heng handtaket på pumpa medan eg tar djupe andedrag av bensin og eksos og løftar blikket mot Tv-masta som ragar på fjellet i aust. Eit trygt betongmonument for alle som har vakse opp i denne byen, trygt plassert der oppe i kystheia kor vinden i dag kviskrar stille i lyngen og orrfuglen ligg og trykker som før og forhåpentleg alltid vil gjere.

/

Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Han har etterkvart gitt ut ei rekke kortprosabøker og novellesamlingar på Samlaget, den siste Avsporingar kom i 2021. 

Me takkar forfattaren og Samlaget!

Foto: Sverre Skjold

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑