du opnar prøvefelt etter prøvefelt
hyttefelt etter hyttefelt
hogstfelt etter hogstfelt
rutar opp Amazonas slik du rutar opp ribba på julaftan
vi skal jo leve, ikkje berre overleve, seier du mens du ser barnebarna rive gavepapir av
kosebamsar som aldri vil få kos
av skjermar som skjermar for røynda
og av plastleiker som snart vil fylle magen på fisk og fuglar og dyr som du seinare slaktar
og serverer gjestane dine i middagsselskap du saknar berre kort tid etterpå
når du hører dine eigne tøflar subbe langs eldresenterets glatte golvbelegg
din indre olding på veg mot barndommen
ungdommen
og livet med ho du elskar så høgt
fingrane dykkar er fortøydd i kvarandres hender og du har aldri vore så lykkeleg som no
de overser kvarandres småfeil og tilgir dei store
deler gleder og bekymringar over barna
planlegg feriar
ler og drikk vin og ser gullrekka før de går til sengs og elskar til lakena er gjennomvåte
av sveitte
og når du lukkar auga rett etterpå
gler du deg til å vakne og sjå henne igjen
men snille deg, mamma er jo død for mange år sidan, seier ei gammal kjerring som påstår
ho er dottera di
men død, korleis kan ho vere død når du framleis kjenner varmen frå kinnet hennar
når du framleis hører henne snakke til deg
tenker du og subbar vidare mot dit stemma kom ifrå
bleietung og med skjelvande underleppe
ut av alderdommen og inn på rommet der beina plutseleg sviktar og du mistar balansen
lårhalsen, tenker du idet du stuper framover
tre trippande skritt og så begynner du å falle
mønsteret i linoleumen kjem veksande imot deg
det blir tydelegare og tydelegare
og idet du treffer golvet
hardt og med ansiktet først
fortsett du berre å falle
fortare og fortare gjennom det framande landet
det som hørest ut som raske vengeslag er smell frå skjorteerma dine
luftmotstanden gjer ansiktet glattare og glattare
og du fell og fell
fortare og fortare
og i fallet ser du tangentane på pianoet inne på daglegstua lausne og vende tilbake til
elefantane på savannen
og du ser treverket lausne og samle seg i bladtunge eiker, ruvande i skogen
det viser seg at alle dei utstoppa elghovuda har hatt kroppen gjømt inne i veggen og du
ser elgane rusle ut av vegkroer og hus og hytter
som om ingenting har skjedd
//
Foto: Trine Melhuus
Vi takker Carl Frode Tiller og Aschehoug for tillatelsen til å bringe dette utdraget fra Det framande landet.