Kunsten å lese på linjene

Av Rolv Nøtvik Jakobsen

rugde

Foto: Rune Sveinsgjerd Karlsen

I dei siste åra har omfanget av dei menneskeskapte klimaendringane og miljø-øydeleggingane blitt stadig meir tydeleg. I denne situasjonen har fleire skjønnlitterære forfattarar etterlyst nye kunstutrykk som tar den økologiske utfordringa på alvor. Slike kunstverk kan formidle det akutte alvoret i situasjonen og framstille kva ressursar som finst til endring og overleving. På same tid har litteraturforskarar vist at ein med utbytte kan lese litterære tekstar øko-kritisk utifrå den nye kunnskapen om forholdet mellom menneske og natur.

Fuglane- i bokhylla og i skogen

Eg er ein av dei som har lese Tarjei Vesaas sin roman Fuglane fleire gonger. I ein samtale med nokre venner som er meir opptatt av fugleforsking enn av litteraturtolking, oppdaga eg til mi forskrekking at eg ikkje ante korleis fuglen som blir skildra i boka såg ut. Eg visste jo at det var ei rugde. Men eg hadde ingen førestillingar om kva lyd rugda gir frå seg eller korleis eit rugdetrekk artar seg.
Det er slett ikkje Vesaas sin feil. I romanen blir rugdetrekket skildra heilt konsist: Ein kveld høyrer Tusten ”ein liten ljod! Ein rar låt med eitt. Og nokre stutte, kavande vengeslag kunne han samstundes skimta i lufta over seg. Så nokre låge kalleljod att, på eit hjelpelaust fuglespråk.” Hannrugda flyg jo den same strekninga kvar kveld, truleg både for å markere territorium og for å lokke til seg damer. Den gir frå seg karakteristiske pistre- og kvekkelydar. Det siste kan høyrest ut som når du snur ein gamaldags teddybjørn. Vesaas skildrar tidspunktet, veret og staden for optimale trekkobservasjonar nøyaktig. Tusten visste betre enn eg at rugda vender tilbake langs det same trekket tre gonger i løpet av natta.

Var eg den einaste lesaren som hadde mindre kunnskap og interesse av naturfenomena enn romanfiguren? Det er jo ein roman det er skrive mykje klokt om. Svært mange lesingar har konsentrert seg om det psykologiske dramaet i og rundt Tusten. Nokre legg vekt på at han eit slags sjølvportrett, ein diktar i kamp med språket. Andre på at boka handlar om vilkåra for menneske med mindre håndbagasje. Men i alt som er skrive finn eg påfallande få realopplysningar om den verkelege rugda. Den har i beste fall blitt eit symbol. For Tusten framstod naturfenomena, både lyn og fuglar og trær, som noko viktig det er mogleg å forstå: Med det lange nebbet sitt laga rugda spor på bakken som Tusten kunne lese som bokstavar i ”fugleskrift” på ”fuglespråk”.
Det merkelege var at då eg i staden for begynte å leite i fuglebøker skrive av fugleforskarar, fann eg ein god del faktaopplysingar om sjølve fuglen, men ingen referansar til korleis den har blitt skildra i litteratur og folketru. Det ser faktisk ut til at dei som les Fuglane, ikkje les fuglebøker. Til gjengjeld er dei som skriv slike bøker ikkje opptatt av skjønnlitteratur og folkeminne. Naturvitarar kan stadig framstille naturen som om menneska ikkje finst, mens humanistar held fram med å tenke at litterære tekstar berre tilsynelatande dreier seg om fuglar og naturen som omgir oss. Eigentleg handlar dei om menneskenaturen. I situasjon der menneska både er årsak til og offer for naturøydeleggingar er ingen tent med at det eksisterer to vitskapelege kulturar med tette skott seg i mellom.
Heldigvis finst det andre fagtradisjonar og sjangrar som kan utfylle bildet dersom ein no er interessert i samspelet mellom menneska og andre naturskapningar. Ved slå opp i dei store etnozoologiske verka som nyleg er gitt ut i Sverige og Danmark, enten på ”morkulla” eller ”skovsneppe”, kan ein oppdage spennande referansar: Både det engelske ”woodcock ” og det franske ”becásse” kan bli brukt, slik Shakespeare gjer det, om ein dumrian. I folketrua har rugda blitt oppfatta som varslar og som noko trolsk. I Danmark, rugde-forfattaren Steen Blicher sitt heimland, finst det ei førestilling om at eldre ungkarar blir forvandla til rugder etter døden. Saman med det erotiske motivet for hannrugdas trekk kan slike opplysingar kaste lys over kvifor den einsame Tusten oppfatta rugdetrekket som eit viktig teikn og begynte å drøyme rugdedraumar.
Problemet med nokre av dei etnozoologiske framstillingane er at dei er knappe på realopplysningar om fuglane. Det verket eg har funne som er rikast på konkrete skildringar av forholdet mellom rugde og menneske, høyrer til i ein annan sjanger, jaktlitteraturen. I den klassiske boka Norges Fuglevildt og Jagten på samme frå 1881 bruker Jacob Bøckmann Barth nesten nitti sider på å beskrive rugda. For jegerar, akkurat som for meir fredelege fotografar og fuglegranskarar, står mykje på spel. Dei må vite korleis dei skal gjere bruk av kroppen for å vere på rett stad til rett tid.

Havet som stig

I 1938 gav Olav Duun ut romanen Menneske og maktene. Det dreier seg om nokre små øyer i havgapet befolka av nokre marginaliserte menneske som blie oversvømt. Eller gjer det det? Også denne boka har blitt lese som ei psykologisk skildring av enkeltmenneske. Havet som stig blir regelmessig tolka som eit bilde på nazismen og den kommande verdskrigen. Ut i frå det vi no veit om konsekvensane av den globale oppvarminga, er det meir nærliggande å lese boka som ei svært aktuell skildring av kva som skjer når landstykke raskt blir oversvømma av vatn. Isen smeltar, havet stig. Kva gjer skal menneska gjere då? Dei menneska som Duun skildrar er fattige, einsame og marginaliserte. Nokre av bedehusfolka er skikkelege klimaskeptikarar som nektar å flytte seg i tide. Utgangspunktet for felles målretta handling er altså dårleg. I kamp mot tida må desse enkeltindivida hjelpe kvarandre til å kome seg til høgste punktet på øya og overleve. Dei må revurdere sin eigen historie og utenkelege vennskap og alliansar oppstår. Den økologiske krisa krev noko av alle som bur der: Den krev samarbeid og endring, tilmed offer.
Som ei framstilling av kva menneske kan og må gjere i møte med økologiske katastrofar, er boka ein viktig ressurs for å forstå og gjere noko med morgondagens utfordringar. Det same kan ein seie om mange av Johan Falkberget sine bøker som skildrar dei økologiske konsekvensane av moderne teknologi og industri. Dersom vi held fram med å marknadsføre slike bøker berre som eksempel på kristen humanisme eller god nynorsk språkføring, vil dei lett kunne hamne i litteraturhistorias viktigaste bok, gløymeboka. Det merkelege er jo at det ikkje dreier seg om å lese det som står mellom linjene, men tvert om heilt enkelt lese det som står på linjene. Rugder, villender og måker er ikkje berre symbol, men levande vesen. I ei økologisk krisetid gir det ikkje lenger meining å forstå naturen som omgir oss berre som eit bilde på noko i menneskas indre. Det dreier seg heller om vilkåra for menneskeleg liv.

Rolv Nøtvik Jakobsen er dr. theol og forskar ved NTNU-Gunnerusbiblioteket og UiB. Kronikken er ein del av eit foredrag på eit seminar om verdisystem, økologi og klimatrussel arrangert av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 2. september.

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑