Terje Tørrisplass: FORNYBAR EXIT

Tørrisplass

 

 

Små ting skil meg i form frå grana

– eit bleikt skin


i skjelettet, ein nattleg senedrått.

 

Trettisju årringar med kjernevedkontakt

meisesong i pusten, sevje i blodet


ei perleugle i ryggmergen og tømmersleper

like inn i hypotalamus


derimot

 

syner verdiar høge nok for donasjon av skrotten

til eit livsenergisk sus

frå europavegar

 

             ekkoet


             i autovernet

 

             ein meire gyllen

             hestehov.

 

                                                            Terje Tørrisplass

 

Tørrisplass_framside-kopi

 

Vi takker for diktet som er hentet fra poetens nye diktbok, Lomen svarer meg i blanke timar, utgitt på Samlaget.

/

 

Green Party candidate Jill Stein calls for climate state of emergency/ the guardian

 

verden er en antroposcene / John erik Riley i Morgenbladet

 

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑