I
og så er det nokon som dreg
dyna av dei og skrik
heisann, heisann
verdas tristaste isbjørn
heiter Pizza, og bur
på eit kjøpesenter i Kina
seinare i sendinga
skal vi også høyre om jerven
som trur at paradis
er i Bymarka, der
gjøken sitt fyrste ko-ko
kjem tidlegare for kvart år
god morgon, det er
på tide å vakne
II
dagens fisk
smakar som kunstgrasbane
salaten som cocktail
og isen
som ingenting
er det eit teikn i tida
når isbjørnbinnene byrjar å
ta med seg ungane på bytur?
III
finst det instruksjonar som er lette å forstå?
lat oss spørje Sofia April og
Bjørk Leonora, dei kan alt
om klimakrisa, dei har full oversikt
over den globale
oppvarminga og issmeltinga
på polane, men dei veit
ingenting
om skogen
bak huset
IV
god kveld, vi er eit halvt minutt
nærare midnatt, og Pizza
vil gjerne sende ei helsing
til slekta i Kamtsjatka
som han veit er vakne på denne tida
(sjølv om dei ikkje burde vere det)
V
Når såg du sist ein bjørn? spør Bjørk
Sofia svarer
i går
såg eg ein bjørn ved
frysedisken sine
kvite breidder
den sto og stirra inn
i to kalde lakseauge
som om det var ei hamn
/
Helene Hovden Hareide (f. 1989) kommer fra Hareid og er masterstudent i litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Hun har tidligere vært elev ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og blitt publisert i ulike tidsskrift, bl.a. Vagant og Prosopopeia. Vi takker for dikt!