Ove Jacobsen: Kunsten å drøyma ei ny verd

Professorpioner Ove Daniel Jakobsen tyr til anarkismen når han får lokalsamfunn til å drøyma om ei ny framtid.

 

Tekst: Maria Lavik

 

– Det brenn i Amazonas. Det brenn i Afrika og Sibir også, men det får mindre merksemd.

Det seier Ove Daniel Jakobsen, professor i økologisk økonomi. Han jobbar ved Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord Universitetet, eit av få utdanningsprogram av sitt slag i Noreg.

Ein gong var kanskje naturens toleevne eit tema for spesielt interesserte. Men no ser me brotstykke av klimakrisa når me ser ut vindauget eller opnar ei avis. Ekstremvêr, tørke, ras, skogbrannar i Amazonas. Og motsvaret: Eit miljøparti som gjorde eit brakval i kommunevalet i år.

I ei verd som brenn, meiner Jakobsen at me må tora å ty til utopiane.

– Systemendring er det einaste som kan hjelpa i den situasjonen me er i. Då treng me utopiane. Ein utopi er ei framskriving av samfunn. Eit samfunn utan utopiar vil størkna og døy.

 

Tilbake til naturen

Her kjem økologisk økonomi inn i bildet. I denne modellen blir klassiske økonomiske prinsipp om eigennytte, konkurranse og evig vekst byta ut med omgrep som samfunnsnytte, samarbeid og rettvis fordeling.

– Grunntanken i økologisk økonomi er at me lærer av naturen, og ikkje om naturen for å kunna utnytta den mest mogeleg. Sentralt står å skapa ein desentralisert økonomi, der alt som kan produserast lokalt, blir produsert lokalt, seier Ove Daniel Jakobsen.

– Kva mekanismar trengst for å endra økonomien i denne retninga?

– Konkurranse må erstattast med samarbeid. Me må gå frå å ha autonome aktørar som konkurrerer, til at me samarbeider i integrerte nettverk. Bransjar bør samarbeida om å finna gode løysingar. Folk skal vera med å utvikla eit næringsliv og ein økonomi som er bra for alle, seier Ove Daniel Jakobsen.

Han viser til forsøk i bydelen Nørrebro i København.  Der har butikkar, restaurantar og sykkelsjapper blitt kjøpt opp av folk som bur og jobbar i bydelen.

– Dei tilsette eig sin eigen arbeidsplass. Målet deira er ikkje å tena mest mogeleg med pengar, men å skapa ein god bydel, seier Jakobsen.

Professoren set opp ein enkel brøk over tilfredsstilling. Over brøkstreken står forbruk, under streken står behov. For å auka tilfredsheita vår, kan me auka forbruket – ein velprøvd metode i etterkrigstidas Noreg. Men, peikar Jakobsen på: Me kan også sjå under brøkstreken, på behova våre. Me kan redusera behova våre, forventningane til kva som skal til for å leva eit godt liv. Slik kan me auka livskvaliteten utan å auka forbruket.

– Dette er eit spørsmål om fred. Me treng ein økonomi som mellom gjev fred mellom menneske og natur, fred mellom menneska og fred i menneska.

 

Endring på kommunenivå

Desse ideane er ikkje berre på teikneblokka. Ove Daniel Jakobsen reiser også ut for å møta lokalbefolkning og næringsliv i såkalla utopi-dialogar. Senter for økologisk økonomi og etikk har hatt slike møte i Hardanger, i Aurland og i Gildeskål kommune i nærleiken av Bodø.

– I Gildeskål kom rundt 200 menneske på utopidialogane våre. Det utgjer rundt ti prosent av folketalet i kommunen. Folk kjem fordi dei vil alle vera med å endra ting.

– Kva gjer de i desse utopi-dialogane?

– Me ber folk skildra kva samfunn dei ønsker seg i framtida. Folk fortel at dei vil ha meir aktivitet rundt mat og kultur i nærmiljøet. Dei ønsker seg fleira arenaer for samspel, møtestadar for alle.

– Dei vil ha fleire ungdomsklubbar, til dømes?

– Tja. Det som er viktigast, er tiltak som gjev meir integrasjon mellom folk. For når folk frå ulike grupper blir knyta saman, har det ein modererande effekt. Det gjev meir kreativitet og mindre konflikt, seier han.

Eldrebustadar, studentbustadar, kaksestrøk og innvandrar-gettoar segregerer og isolerer menneske i frå kvarandre.

Han peiker på at mange av møtestadane me har i samfunnet, er segregerte etter alder og klasse. Eldrebustadar, studentbustadar, kaksestrøk og innvandrar-gettoar segregerer og isolerer menneske i frå kvarandre. Det er med på å atomisera menneska, stikk i strid med den heilskapen som er sentral innan økologisk økonomi.

 

Når eksperten må teia

For Ove Daniel Jakobsen er ei klar utfordring under desse utopi-møta å lata folk få snakka ut og ikkje bli eksperten som kan og veit alle svara.

– Dei som sit på makta, må gje slepp og opna opp for engasjementet. Det er vanskeleg, men me har ikkje noko alternativ. Dei som er med på møta, vil vera med på å starta, definera og realisera prosjekt. Dei vil ikkje bli bestemt over ovanfrå og ned, seier han.

I dette arbeidet hentar han inspirasjon i anarkismen som fridomsideologi. Desse ideane utforskar han i boka ”Anarchism and Ecological Economics –

A Transformative Approach to a Sustainable Future”, som kom ut i fjor.

– Anarkismen er i konflikt med både høgre- og venstresida, sidan den både legg vekt på solidaritet og fridom. Jens Bjørneboe sa det bra: Fridom bygger på ansvar, men ansvar krev fridom. I dagens samfunn kjem det mange reglar, rundskriv og forordningar som me forholda oss til, som reduserer vår eiga kjensle av ansvar.

Sjølv om det er opp til lokalsamfunna sjølve å definera kva som er ei god framtid, seier Jakobsen at nokre stikkord kan vera meir lokal produksjon, lågare forbruk av naturresursar og integrasjon i nettverk prega av mangfald framfor einsretting og oppsplitting.

– Men kva om folk vil ha meir av det same? Kva om dei ønsker seg fleire kjøpesenter, som dei kan køyra bilane sine til, og auka kjøpekraft, så dei kan shoppa meir?

– Om me ikkje lukkast med å utvikla ein økonomi og eit samfunn som gjev høg livskvalitet for alle i harmoni med naturen, kan me risikera å hamna i det livbåt-samfunnet som Arne Næss snakka om. Det er eit samfunn der ein sterk leiar tek over kommandoen for å gjennomføra dramatiske tiltak ved tvang. Me kan enda opp med ein form for øko-fascisme der alt blir regulert for å redda stumpane, seier han og legg til:

– Men eg er meir optimist. Ved å snakka om på kva me kan gjera for å skapa det gode liv i det gode samfunn, vil fokuset på auka forbruk bli redusert. Eg tenker me har tid til å endra ting frivillig. Det beste er om me har revolusjonære mål som me får til ved evolusjonære middel. At me ser for oss eit heilt anna samfunn, men at me tek det stegvis.

Det beste er om me har revolusjonære mål som me får til ved evolusjonære middel.

Kritisk til grønvasking

Økologisk økonomi krev ei radikal omlegging av samfunnet vårt. Ei meir reformistisk tilnærming er tankane rundt grøn økonomi, der kapitalismen blir meir miljøvenleg ved hjelp av teknologisk endring. Denne tilnærminga meiner Jakobsen berre kan bidra til å utsetja problema. Han meiner me heller treng ei grunnleggande endring.

– Ein såkalla grøn kapitalisme tilsører problema i staden for å løysa dei. Det er ikkje nok. Det berre dempar symptom for å redda systemet.

Jakobsen meiner klimakrisa viser at kapitalismen har spela fallitt.

– Me har eit system som heiter kapitalismen som er i konstant konflikt med naturen. Me har framleis folk som blir utdanna i økonomi på universitet som ikkje veit noko om naturen. Den såkalla fridommen i marknadsøkonomien er basert på fridom til å kjøpa, men også tvang til å selja til dei som betalar mest. Som då Noreg måtte importera meir mat under tørken i fjor: Slik enda me opp med å kjøpa mat frå fattige land, slik at innbyggarane der fekk mindre mat.

– Me har jo tidlegare levd i samfunn der maten har blitt produsert lokalt og der det har vore tettare band mellom folk lokalt. Ønsker du deg tilbake til jordbrukssamfunnet? 

– Det er ei misforståing. Me som driv med økologisk økonomi lengtar ikkje tilbake til noko. Framtida skal ikkje likna det som var. Me har ny teknologi, og me har ny kunnskap. Det skal me bruka.

– Men kva gjer me med ulikskap om me skal sikta mot nullvekst? Ofte ser me at det er dei på botnen som tapar mest på økonomisk tilbakegang. Som etter finanskrisa i Noreg, der dei fattigaste fekk det mest dramatiske inntektsfallet.

– Me skal avskaffa ekstrem fattigdom, men også ekstrem rikdom. Det er eit godt spørsmål korleis me skal få det til. Me kan både ha eit system med minstelønn, men også med makslønn. Det er eit stort problem at pengar blir samla på færre hender, og at eit fåtal rike har meir makt enn enkeltstatar, seier Ove Daniel Jakobsen.

Senter for økologisk økonomi og etikk vart etablert i 2005, ved det som den gong var Handelshøgskulen i Bodø. Jakobsen var sentral i opprettinga, då han kom som nyutdanna i frå Universitetet i Bergen med den noko utradisjonelle kombinasjonen filosofi og økonomi. Han fortel at interessa frå næringsliv og lokalsamfunn for denne idéretninga har auka dei siste åra. Til hausten kjem han med boka ”Økologisk økonomi – Et perspektiv fra fremtiden”.

– Det som er skapa av menneska, kan endrast av menneska. Når me ser me har skapa eit system som ikkje fungerer, så er tida inne for å endra det, avsluttar han.

 

 

/

Ove Jakobsen er professor i økologisk økonomi ved Universitetet Nord, hvor han også leder Senter for økologisk økonomi og etikk. Han har en doktorgrad fra Norges Handelshøyskole og er cand.philol. fra Universitetet i Bergen. Jacobsen har skrevet en rekke bøker om sirkulærøkonomi, økologi og etikk. “Anarchism and ecological economics – A political platform for ecological economics” utkom i fjor. I år er Ove Jakobsen aktuell med boka “Økologisk økonomi – Et perspektiv fra fremtiden”

Maria Lavik er frilansjournalist med bakgrunn fra NRK og Klassekampen. Hun har studert journalistikk, historie og økonomi i Oslo, Bergen, London og Cape Town.

 

//

Klimaaksjonen innleder med dette intervjuet en serie der vi ser nærmere på hvordan norske økonomer arbeider med klimakrisene og overopphetingen av kloden. Serien er realisert takket være støtte fra Norsk Kulturfond.

 

Comments are closed.

Powered by WordPress.com.

Up ↑