Økonom og tenketank-leiar Sony Kapoor tenker butikk, ikkje etikk, når han ber Oljefondet droppa oljeaksjar. Han trur på vekst, velstand og fornybar-boom, alt innanfor kapitalismens rammer.
Av Maria Lavik
– Eg vart heilt sjokkert over det eg såg.
Sony Kapoor minnest då han kom til Noreg i 2007 for å gje regjeringa råd om forvaltninga av pensjonssparegrisen vår – Oljefondet. Det som sjokkerte han, var å oppdaga kor sårbart fondet var.
– Så mykje av den noverande og framtidige formuen dykkar er knytt opp til fossilindustrien. Først, ved at inntektene til Oljefondet kjem i frå produksjon av olje og gass. Så, ved at Oljefondet investerer i og får avkasting frå olje- og gass-selskap.
Han kallar det ”meiningslaust” at Oljefondet investerer i olje- og gass-selskap. Eit kraftig prisfall på desse råvarene vil ramma Noreg hardt, både her og no ved å truga økonomien og arbeidsplassane våre, og for vår framtidige formue i Oljefondet.
– Det finst ein grunnleggande regel i finans: Ikkje legg alle egga i ei korg, seier Kapoor.
Han råda dåverande finansminister Kristin Halvorsen (SV) om at Oljefondet burde selja seg ut av alle olje- og gass-selskap.
– Eg bryr meg om etikk og klima, men det treng ikkje andre gjera for å vera einige med meg. Noreg treng berre følgja reglane innan finans om å minimera risiko og maksimera profitt, seier han.
Grøn finans
Tenk butikk, ikkje etikk, for å dra verda i ei grønare retning. Slik kan ein oppsummera mykje av bodskapen til Sony Kapoor, som leiar den internasjonale tenketanken Re-Define. Han jobbar for å få fram det beste i kapitalismen.
– Den gamaldagse kapitalismen har nokre solide idear: Pengane skal gå frå der dei er i overflod til der det er nye mogelegheiter for profitt. Det å ta risiko og å lukkast skal løna seg, seier han.
Kapoor er utdanna ingeniør og makroøkonom. På lista over institusjonar som han har vore rådgjevar for, finn du sentralbankar, europeiske statar, investorar, Det internasjonale pengefondet IMF og verdsbanken. I tillegg har han vore spesialrådgjevar for FNs miljøprogram for grøn finans.
Eit av trugsmåla mot ein sunn kapitalisme er ifølgje Kapoor den ekstreme veksten i finansindustrien. Han har sett bransjen frå innsida, då han rundt millenniumsskiftet jobba med avanserte spare- og forsikringsprodukt, mellom anna for den amerikanske skandalebanken Lehman Brothers.
– Finansindustrien skal eigentleg vera ein støttefunksjon for økonomien. I Lehman Brothers såg eg at finanssystemet hadde blitt eit mål i seg sjølv, framfor eit middel. Før finanskrisa stod finansindustrien for 40 prosent av selskapsoverskota i USA. Det seier seg sjølv at det ikkje er haldbart. Me treng betre reguleringar slik at finansmarknadane kan gå tilbake til å gjera det dei skal: Å allokera ressursar der dei kan skapa profitt, seier Kapoor.
Under finanskrisa i 2008 grunnla han tenketanken Re-Define, som har som mål å fremja berekraftige politiske og økonomiske endringar.
For å skapa rettferdig utvikling og ein meir grøn kapitalisme, ber Sony Kapoor Vesten om å investera meir kreativt. Han peikar på at kapital hopar seg opp i vår del av verda, i rike land der vekst-ratane flatar ut
Inga tru på nullvekst
Kapoor vaks opp i India på 1980-talet, i det han kallar eit land ”låst mellom eit kapitalistisk og eit sosialistisk system”. Korrupsjon, femårsplanar og strenge reguleringar hindra økonomisk vekst, fortel han.
– Alt endra seg på 1990-talet med reformer som opna opp for marknadsøkonomi. Folk fekk større tru på framtida, for dei såg at hardt arbeid kunne lønna seg. Det endra liva til hundrevis av millionar og var starten på den indiske middelklassen.
Ikkje alle tenker at kapitalismen kan sameinast med å redda planeten vår. Ein av dei som meiner at kapitalismen har spela fallitt, er professor i økologisk økologi Ove Jakobsen. I eit intervju med Forfatternes klimaaksjon seier han at me treng ei radikal omlegging av samfunnet vårt.
LES INTERVJUET MED OVE JAKOBSEN HER
– Kapitalismen kviler på ideen om evig vekst og auka forbruk. Til no klarer ikkje kapitalismen å baka inn dei reelle kostnadane ved å øydelegga naturressursar og bidra til global oppvarming. Kva tenker du om kravet om eit nytt system som skal erstatta kapitalismen?
– Kapitalismen er det beste systemet me har funne på. Det er ikkje tilfeldig at kapitalismekritikken ofte kjem frå folk som er frå den rike delen av verda og lever komfortable liv. Det er lett for oss å forkynna at me no har nådd grensene for vekst, seier Kapoor.
– Men kva om me konsentrerer veksten i utviklingslanda, medan rike land får godta nullvekst og mindre forbruk?
– Mesteparten av den økonomiske produksjonen i rike land er ikkje basert på naturressursar, men på tenester. Det er ingen grunn til at me ikkje kan ha ei verd som er like velståande som i dag, samstundes som at naturen får det betre. Men det blir ein annan type vekst og velstand, med meir sirkulær økonomi, mindre søppel og der fornybar energi tek over for olje, kol og gass.
Pengar hopar seg opp i Vesten
For å skapa rettferdig utvikling og ein meir grøn kapitalisme, ber Sony Kapoor Vesten om å investera meir kreativt. Han peikar på at kapital hopar seg opp i vår del av verda, i rike land der vekst-ratane flatar ut. Samstundes er det stort behov for kapital i utviklingsland, som mellom anna manglar finansiering av FNs berekraftsmål.
– Det er ikkje Europa som avgjer om verda klarer å møta klimakrisa. Endringa må skje i Asia og Afrika. For å hindra at India og Kina bygger fleire kolkraftverk, treng dei meir tilgang på kapital.
Han meiner at å investera i utviklingsland er ein vinn-vinn-situasjon.
– Kapitalen i Vesten kastar ikkje av seg. Mange land har negativ rente som gjer at me slit med å finansiera pensjonssystema våre. Utviklingslanda er i heilt motsett situasjon. Dei har yngre befolkning, dei manglar oppspart kapital og har dei største mogelegheitene for vekst.
– Ein stor del av veksten i Vesten har basert seg på bruken av fossile brennstoff. Er det realistisk å tru at utviklingslanda kan veksa på same måte, om dei ikkje får sjansen til å utnytta fossil energi?
– Skal me akseptera at me i Vesten har fått denne sjansen til vekst, medan land som Ghana må halda fram med å vera fattig? Eg meiner nei. Sjå på utviklinga innan fornybar energi, kor kostnaden til solpanel har gått kraftig ned. Vekstpotensialet til verda ikkje er avgrensa av at me ikkje lenger kan henta ut olje og gass. Solenergi og vindenergi er gratis – alt me treng, er kapital. Ei vindmølle er mykje dyrare å installera enn ein gassdriven turbin, men når den først er installert, så er den tilnærma gratis dei neste 30 åra.
Støttar ikkje kamp mot vindmøller
Kapoor meiner at medan fossile energikjelder ofte kom monopolistar og enkeltstatar med flaks til gode, er vind og sol meir demokratiske energikjelder.
– Du kan setta opp eit solcellepanel på huset ditt. Fornybar energi spreier fordelane betre enn fossil energi.
I Noreg har framveksten av ny fornybar energi ikkje vore smertefri. I vår peika Noregs vassdrags- og energidirektorat NVE ut 13 område som aktuelle for ny vindkraftutbygging. Det har blitt møtt med store lokale demonstrasjonar, Facebook-aksjonar og protestar frå både kommune og fylke.
– Mange av dei som protesterer mot vindmøller, peikar på at profitten går ut av landet, til pensjonsfond i Tyskland, til dømes. Er det ikkje uunngåeleg at sol- og vindprosjekt blir eigd av store aktørar som ikkje gjev noko tilbake til lokalsamfunnet?
– Nordmenn tener langt meir på Oljefondet sine investeringar i andre land, enn kva andre land tener på å investera i Noreg. Oljefondet eig delar av mellom anna Google og Apple, og dette går inn i statsbudsjettet. Me lever i ein globalisert tidsalder.
Mørke utsikter
Det tek oss tilbake til Oljefondet. I 2007 vart ikkje Kapoor høyrt då han bad fondet selja alle olje- og gass-aksjar. Men ti år seinare kom Noregs Bank med same oppmoding og med same argumentasjon om at eksponeringa mot fossilproduksjonen gjer fondet sårbart.
I vår svara regjeringa med å gå inn for å selja nokre oljeaksjar, men berre i såkalla oppstraums selskap, selskap som aktivt driv leiting og produksjon. Dette utgjer rundt 20 prosent av olje- og gass-investeringane, ifølgje E24. Samstundes vil ikkje regjeringa selja aksjar i Equinor, der staten har ein eigardel på 67 prosent.
Kapoor kallar avgjerda ”eit steg fram, to tilbake”.
– Dei prøver berre å få kritikarane til å halda kjeft. Dette har ikkje så stort omfang, seier han.
Han er skuffa over statsminister Erna Solberg (H).
– Ho har snakka om det grøne skiftet. Men etter seks år ved makta viser dette seg som berre retorikk. Det har ikkje kome endring.
Han kjem med følgjande åtvaring til Noreg om Oljefondet held same kurs i framtida:
– Då er det er berre ein av desse to scenarioa som kan vera sanne: Enten klarar verda å takla klimaendringane, eller så kjem Noreg til å halda fram med ein framgangsrik økonomi. Begge desse tinga kan ikkje vera sanne samstundes.
//
Klimaaksjonen presenterer denne høsten en serie der vi undersøker hvordan norske økonomer arbeider med klimakrisene og overopphetingen av kloden. Forrige intervju var med Ove Jacobsen. Tekstene er realisert takket være støtte fra Norsk Kulturfond.