Ulf Karl Olov Nilsson alias UKON / Forklarings-opplysningane

/ Annika von Hausswolf, foto

 

Eg er glad når det er kjekt og lei meg når det er keisamt.

Ideelt sett skulle alt vore enkelt og triveleg.

Når det er på den måten, veit ein at det er slik.

Ein dag fanst ikkje Ceylon og Dei to Sicilia, ein dag fanst ikkje Sovjetunionen.

Sikadane fanst ikkje lenger, ikkje sikori, krom og sitrustre; sikadane fanst ikkje lenger, sikadane fanst ikkje, ikkje seder, sypress, cerebellum.

Ein dag forsvann to tusen fem hundre froskeartar, ein dag forsvann to hundre tusen insektartar, ein dag forsvann hundre og femti tusen kvadratkilometer regnskog.

Ein dag forsvann freden og folkemorda.

Ein dag forsvann amiskwia, anomalocaris, allosaurus.

Ein dag forsvann arctodus simus.

Ein dag døydde den siste pigghovda achanthopolis, den siste piggpanserhaien, den siste tetrakorallen, den siste opipeuterella.

Ein dag for sekstifem millionar år sidan døydde den siste flygeøgla.

Og protoceratops forsvann, den som var stor som ein gris, og sidneyia, som var fem til tolv centimeter, stegosaurus, som var ti meter, og bruhathkayosaurus, med ei lengd på førtito meter, hovudhøgda fjorten, og ei berekna vekt på nærmare to hundre og tjue tonn.

Ein dag forsvann baryonyx og armøgla, pungulven og svaneøgla.

Ein dag døydde kattedyret smilodon.

Ein dag forsvann kryptozoologien.

[…]

Eg trur at vi skal bli einige.

Sei ifrå om det er noko du ikkje likar i dikta, så endrar eg det

undervegs.

Ein burde satse meir på interaktivitet og dialog.

Ein burde satse meir på forvaltninga.

Adopsjonsavgifta i november 2007: Etiopia 91 000,–, Kina: 111 000,–, Estland: 93 000,–, Brasil: 127 000,–, Sør-Korea: 171 000,–, India: 97 000,–.

Dei dyraste er både finare og av betre kvalitet, så for meg er valet lett.

Det som ikkje lenger har nokon verdi, kjem til å forsvinne.

Eit menneskefoster innrulla i Yeshednevnye Novosti og kasta i eit søppelspann.

Og haitannsøgla, hallucigeniaen, dronten, conodonten, pikaiaen, lungefisken. Prusarane, votarane, livarane, illyrarane.

Eg trur at diamantane har verdi fordi dei er så harde.

Eg trur at diamantane har verdi fordi dei ser ut som isbitar.

Eg er verd noko, eg betalar for meg.

Eg kjøper ei skjorte, eg kjøper ein bussbillett, eg kjøper ein grasklippar, eg kjøper blomar og gåver til folk som fyller år.

Og kan hende ei konfektøskje eller ei flaske vin. Eg er eit menneske som ønskjer å gjere opp for meg.

Eg gjer gode ting, eg reddar ein som er i naud, hjelper ei dame over gata; eg er ålment hyggjeleg.

Eg skriv så gode dikt eg kan.

Det handlar om verdigheit, status, tiltru.

Eg lever mindre og mindre for at livet ikkje skal ta slutt.

Eg gjentek, ikkje av gløymsle eller av slurv, men fordi det gjev meining: Kvar dag handlar eg mat i butikken, så går eg heim, lagar han, tygg og svelgjer.

Det er eg stolt over.

Eg er ikkje nokon tjuv, for eg har allereie pengar.

Alle menneske veit kva pengar er, og alle menneske vil ha meir pengar.

Det normale livet er berre middelverdien av kvart tenkjeleg lovbrot.

Kreditt er ei undersøking av lukke.

Å ta pengane ut av lommeboka, røre ved dei, gje dei frå seg.

I betalingsaugneblinken kjenner eg meg alltid ærleg.

Slik kan det gå til: Eg bestiller det eg skal ha, svelgjer, og så betalar eg.

Eller: Eg set det eg skal ha på eit brett, betalar, og så svelgjer eg.

Alle som ein eller annan gong har betalt, veit kva det inneber å betale.

Eller snarare: Eg veit ikkje kva det inneber å betale nett fordi eg betalar.

Eg har ete opp maten.

Om eg til dømes har ete ein potet, så har eg på ein måte blitt potet.

Den som et laks, blir laks.

Eg er akkurat det eg er i denne verda. Eg er verd det eg er verd.

Kven kan eigentleg vite korleis det blir seinare?

7812 chilenske peso er verde 82,21 danske kroner som er verde 16

kanadiske dollar som er verde 116 kinesiske yuan som er verde 20

tyrkiske lire som er verde 90 norske kroner.

Det som skjer skjer.

Ein dag døydde kjempepandaene Bao Bao, Bai Yun og Shi Shi.

Ein dag døydde Su Lin og foreldra hennar Bai Yin og Gao Gao.

Ein dag døydde Long Hui, Yang Yang og Qing Qing.

Ein dag døydde Canada.

Ein dag forsvann Stellers sjøku, øglehoftedinosauren, orthocerasen, kvastfinnefisken, velociraptor, dvergelefanten, mammuten.

Ein dag forsvann dalmatisk, elamittisk, etruskisk, faliskisk, hettittisk, hurrittisk, krimgotisk, karisk, mozarabisk, messapisk, norn, oskisk.

Men her står eg og fantaserer om det framtidige seksuallivet mitt. Det kjem til å bli heilt topp!

Eg er ikkje uroleg, førebels er det ikkje straffbart å tene pengar.

Men pengar er eit ord som uroa kan passere uhindra gjennom.

Dess fleire sigarettar eg røykjer, dess meir lik tobakksplanta blir eg.

Den som går på antidepressive tablettar, blir antidepressiv.

Mengda av alle bøker er sjølv ei bok.

Ein gong var eg rik, no har eg tapt alt, no er eg den fattigaste ein kan tenkje seg.

Men korleis skjedde det eigentleg?

90 norske kroner er verde 777 afganske afghani som er verde 18 332 tanzanianske shilling som er verde 47 peruanske nuevo sol som er verde 1152 angolanske kwanza som er verde 5249 armenske dram som er verde 615 bhutanske ngultrum som er verde 93 botswanske pula som er verde 22 bruneiske dollar som er verde 141 etiopiske birr som er verde 25 georgiske lari.

Eg er berre verd det eg alltid har vore verd.

Eg har berre lært meg det alle visste allereie.

 

/

 

Desember, ettermiddag. Det snør lett, som om det var natt og vi sov, og snøen snødde uten oss, eller vi ikke fantes, og det fortsatte å snø for ingen, for det hvite i et øye før fødselen eller etter døden / Tor Ulven, Søppelsolen * det er jorda utan oss og orda trea elden utan oss det er vinden vatnet våren blåsten og stilla sommaren si stille det er dei brune dyra utan oss det er hest ku hund rådyr bever elg ilder bjørn piggsvin det er rust sopp gras løvetann lav og ormebregne utan oss det er dyra dei balsamerte dei tamde dei med villskap i rørslene som nett har knust vasskrukka og det er dei grøne sølvskimrande dyra som frosk orm sølvrev sølvkre fisk padde og den sjuke jorda vatnet isen den glade snøen regnet stundom hagl og det er dei svarte dyra flugene skorpionane kakerlakkane pantrar ramnar skjorer pingvinar dei kvite dyra det er isbjørn hai gaupe kanin mus rype kval selunge det er måne soloppgang solnedgang og soldyra løve bokfink kanarifugl golden retriever sitronsommarfugl gullfisken geparden humla kvefsen det er borna utan oss det er arbeidet såinga inn haustinga samlebandet servicen krigen einsemda sommaren si einsemd solidariteten det er kvila utan oss det er ein pause eit klapp på skuldra ei maske som har rakna i strømpa utan oss det er festen møtet notidskjensla dansen det er vals tango foxtrot jenka ballett jitterbug bossanova twist hambo farandole gopak jig ländler masurka halling polka cha-cha-cha mambo reinlender trepak tarantella flamenco bump utan oss det er snuen verkebyllane verken utan oss spedalskheita kreften kvisene dovninga i beinet tennisolbogen lungebetennelsen stuka okler nedslitne leddband det er menisken stær dansesjuke eksem i bøygefòrene allergi mot elektrisitet lungeødem øyreverk barnesjukdomar som kusma raude hundar vasskoppar skarlaksfeber kikhoste meslingar og dei eldre sjukdomane infeksjonane seniliteten dei patetiske utbrota lårbeinsbrota årebrokken prostataen tilbakeskodinga åndsfråværet skjelvingane åreforkalkinga inkontinensen det er nålestikka senkinga prøvetakinga utan oss bandasje fatle støttebandasje gips rullator krykkjer tilrettelagd transport det er protesane utan oss laustenner pacemakeren oksygenteltet hjarte- og lungeberging dosettar det er nervøsiteten utan oss armsveitten uroa fisane uhugen meiningsløysa neglebitinga tannkremen politiet barnehagane posten banken domstolsvesenet speidaren jernbanen det er ablativ akkusativ adjektiv adverb bøyingsstammar dativ deklinasjon genitiv gerundium gerundivum kasus rekkjetal partisipp supinum vokativ det er sermo vulgaris utan oss og instrument som pikkolofløyte balalaika trombone elektrisk orgel spel som yatzy ginrummy slagskip volleyball det er øyredobbar ringar diadem suvenirar blyantar nøkkelringar kapsar ting ein har fått gjeve bort eller berre kjøpt armband nåler hårspenner porselensdyr halsband små kaktusar det er smakar utan oss salt surt søtt beiskt harskt vårrullar bacon edamerost pølse-og-stappe pai sitronbrus napoleonskaker utan oss makronar dagens rett tyttebærsyltetøy lauvbiff rugmjøl urtegardssaus loff leverpostei bouillabaisse calzone kofta masala potetball kylling med mandel det er skinke te og brødskiver med kaviar romrakettar foster gruppedynamikk riksvegane forstadstoga sandstrender hotell terrassar verandaer altanar skåler med frukt og nøtter no veit eg kva eg skal tenkje på

 

 

//

Tekstene er hentet fra Forklaringsopplysningane, en samling av UKONs dikt, valgt ut og oversatt av Monica Aasprong, utgitt på Samlaget (2019). Den første teksten er et utdrag av diktet «Verdiautologien», den andre teksten er diktet «Desember, ettermiddag». Vi takker for tillatelsen til å publisere!

 

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑