når du senkar ein lekam i Nordsjøen
vil havet stige
med eit volum likt volumet av vatnet
lekamen fortrenger
før dagen lysnar stig vengesneglen mot overflata
for å ete
før himmelen speglar seg
når Antarktis smeltar
med 4500 tonn is kvart sekund
vil havet stige
med eit volum likt volumet av smeltevatnet
når Grønlandsisen smeltar
med 9000 tonn is kvart sekund
vil havet stige
vil øyer slutte å vere øyer
når permafrosten i Sibir tinar
når isbreane i Himalaya smeltar
når elver tømmer seg
når dalsider tørkar ut
vil havet stige
vil byar slutte å vere byar
heimar slutte å vere heimar
når temperaturen i Arktis stig
med ti grader kvart år
når temperaturen på landjorda stig
når havet blir mørkare
vil temperaturen på havdjupnene stige
vil vengesneglen vingle
vil havet stige
når du senkar ein lekam med hud, hår, auge, hjarte
ned i havets skumringssoner
forbi grensa for fotosyntese
forbi grensa for kjærleik
forbi korallrev tareskog urgamle organismar som forvitrar
forvandlar mesopelagiske landskap til ørken
striper av sorg, sediment over sediment
vil bitar av ord flyte opp
vil havet stige
vil språket drukne
vengesneglen let seg søkke mot djupet lik ein engel
sneglehus tynt som lys
når du senkar ei framtid i havet
når du ser at framtida er ei hore, at ho kastar seg
i armane på marine heitebølgjer
at prisen for kortvarig glede er salte sår i djuphavsslettene
vil havet stige vil vengesneglen leve vil havet teie?
ho seier: legg lekamen min på havet
dei døde flyt lett
//
marit o kaldhol, født i Ålesund 1955, har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Ho har mottatt nasjonale og internasjonale prisar. Sist utgitte bok: enno var dei kroppar (noveller, 2021).
Portrettfotografiet er tatt av MA Ortiz.
Vi takker Samlaget og forfatteren!