Frutti di mare 2117
Munan Øvrelid 2017,
akryl på lerret
30*40cm

Maleriet Frutti di mare 2117 viser syreskada skjell og dermed kva forsuring i havet vil føra til i framtida. På grunn av våre utslepp av klimagassar blir havet surare og surare. Utenfor kysten i Sør-Italia møtest kontinentalplatene til Europa og Afrika og det siv ut store mengder karbondioksid frå vulkanske sprekker i havbotn. Dette skaper sure miljøer i havet. Desse miljøa brukar forskar til å sjå korleis livet på havbotn blir i framtida dersom klimautslippa fortset som no. Ved slutten av dette århundre kan vi ha utrydda meir enn 30 % av artane i havet. Munan Øvrelid har vore i Sør-Italia og sanka syreskada skjell, korallar og planter ved sprekkene i havet. Desse skal han bruka i ein serie med maleri som han skal visa på Kunstnerforbundet i 2018. Han har òg fått informasjon av Maria Cristina Buia og Jason Hall-Spencer som forskar på forsuring av havet.

Der stilleben-maleriet tidligare minna oss på at vi skal dø, peiker Munan Øvrelid sine bilder på at vi no fører til at ting i naturen forsvinn. Han er oppteken av dei underlege relasjonane mellom ting i verda og bilder i vår persepsjon. I ein nitidig maleprosess trer det unike ved dei gjengitte objekta klart og nyansert fram, i kontrast til korleis ting i språket vårt ofte blir kategorisert etter type og antall.

Når vi ser opplever vi ein konstruksjon som naturen og vi skaper i lag. I vår bevissthet ser verda seg sjølv.