/ Foto: Terje Rudi
Avfallssortering
(utopi)
All brukt skepsis
ned i den grå restavfallsdunken.
All brukt tillit
ned i den blå papiravfallsdunken.
Alt brukt liv
ned den brune bioavfallsdunken.
Kan det bli betre?
Nei.
Dunktømming etter tur
tredje kvar fredag.
Nytømd dunk i retur
tredje kvar fredag.
Kan det bli betre?
Nei.
Ikkje før dunkane
står heilt tomme
før dei skal tømast,
kan det bli betre.
/
Einar Økland (f.1940) har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.
Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Siste bok: Norwegen, schönes Land (2017). / Samlaget bidrar med honorarstøtte til sine forfattere på denne nettsiden. Vi takker for dikt!