Drive på! / Biskop Kari Veiteberg

Foto: Arne Vidar Jenssen, Nordstrands Blad /

Ei lilje er ei lilje. Smular og brød. Alle desse namnlause kvinnene som berre driv på.

Me sku kje sitta på gjerde

å venta på himmelrike

Da e kje meiningskap i da

Da e mens me bala med da so e,

at me ventar på da rike

(Oskar Stein Bjørlykke: Hans Klure, Det Norske Samlaget, 1974)

Nyhetene dreier seg dagleg om nye smittetilfelle, om stadig meir tydelege konsekvensar av klima-endringar og om ein global mangel på gode politiske leiarar. Eg har behov for å feste augo på noko anna og å bli inspirert av heilt andre historier. Korleis har dei kvinnene eg møter i Bibelen tatt tak i livs-og naturkriser? Oi, – ved å drive på!

Med baking, med den eine fødselen etter den andre, med å hente og bære vatn, med å smøre kroppar og hovud og føter med olje. Fordi dei har skjønt noko? Ja. 

Ved eit vendepunkt i Jesu liv møter vi ei namnlaus kvinne som salvar Jesus med velduftande nardusolje. Jesus seier: «Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde bli fortalt til minne om henne.» (Markus 14,9). Kva heitte ho? Veit ikkje. Vi veit ikkje namnet hennar. Her har det vore dårleg arbeid i arkivet og i minneforvaltinga! Utan namn blir folk gløymd. Han som angreip kvinna og forrådte  Jesus på grunn av pengar, har derimot fått eit namn og blir hugsa. 

MED SURDEIG I NEVANE

Eg har skrive nokre bøker om kvinner i Bibelen. Fleire av dei har namn, men svært mange er namnlause og liva deira ligg i skuggen. Kven har hatt makt til å skrive dei autoritative forteljingane? Men det handlar også om korleis ein les. Kor ofte, alt for ofte, har dei fargerike skildringane av menneske og av naturen blitt lese som illustrasjonar, eller symbol på noko heilt anna, noko religiøst eller noko andeleg. 

Alle desse namnlause kvinnene som driv på. Eg lener meg mot dei, og eg finn visdom og noko å bli inspirert av.

Jesus spør: «Kva skal eg samanlikne Guds rike med?» Det noko overraskande svaret handlar ikkje om makt og kongevelde, men om ei namnlaus kvinne som bakar: 

Guds rike er lik ein surdeig («zumæ» som i enzym) som ei kvinne la inn i («en krypton») tre mål mjøl til det var gjennomsyra.» (Lukas 13,20) I Thomas-evangeliet lyd det slik:

”Jesus sier, Faderens rike er likt en kvinne. Hun tok litt surdeig (surdeigsstarter) og gjemte det i mel og lagde store brød. La han som har øre høre!” (Logion 96, sitert etter omsetjinga til den koptisk lesegruppa ved Det teologiske fakultetet).

Mykje kristen forkynning har bedt folk om å knipe tenna saman og vere passive, «sitta på gjerde å venta» som ein lokal vismann frå mine traktar kalla det.  Løna for å halde ut på den måten skulle ein få i det hinsidige, fekk vi høyre. Men det finst ei kvinne som står med surdeig i nevane. Surdeig. Mi heltinne står med surdeig i neven. Ho ”tar” surdeigen og ”gøymer» (kryptein) i tre mål med mjøl. Det er 36 liter eller 20 kg . Ok, då snakkar vi storbakst!

Det er store mengde, dette, i eit lite bakekjøkken.  

Det er noko i denne forteljinga som ikkje går opp. Men kva er det som gjer det? 

Kvinna med surdeigen skapar gudsriket ved å spreie næringsrik, bærekraftig bakst. Brød og roser.

Alle desse namnlause kvinnene som berre driv på. Kvinna som salvar Jesu kropp brukte fleire årsløner for å gjere kroppen mjuk og velduftande før han var torturert og krossfesta. Kvinna med surdeigen skapar gudsriket ved å spreie næringsrik, bærekraftig bakst. Brød og roser. Det blir ikkje berre snakk med desse kvinnene. Gudsrikespreiing er noko ein gjer saman. Det er liv laga. 

Ein stor helt for mange teologar er Theodor Jørgensen. Han var professor i København og døydde for nokre år sidan. Den siste gongen eg snakka med han var han oppglødd: «Veit du kva, Kari, eg er med i bakegruppe! Vi leverer nattverdbrød til gudstenestene i Helligåndkirken. Rugbrød.» Han var så stolt og glad over det! 

Den svenske poeten Olov Hartman har skrive bøner som kyrkjer verda over ber under nattverdsfeiringa: «Alla tillhör vi samma människosläkte, ingen får ställas utanför.»  «Uppenbara för oss ditt bords hemlighet: Ett enda bröd och en enda mänsklighet”. 

EIN ØKOTEOLOGI FOR FATTIGE

Ei av dei klokaste teologane eg veit om, held til i storbyen Sao Paolo, Brasil. Ho heiter Ivone Gebara. Ho skriv at ho ikkje har noko erfaring med sjø og hav. Og heller ikkje med jungel, elvar eller dyr, for den delen. Hennar bidrag til samtalen om Gud og naturen og klimautfordringane er derfor ein urban økoteologi. Det Gebara skriv om elvar,  fossebrus og blomar er basert på erfaringa til dei som har begrensa tilgang til grøne område og reint vatn. Det er ein økoteologi for fattige.

Rett nok er det mange reine fine nabolag med store hagar i  byen ho bur i. Det er i dei rike nabolaga.  Husa i desse nabolaga blir reingjort av fattige, svært ofte fattige kvinner, som ikkje bur der. Det er noko av grunnen til at Gebaras kamprop er eit rop eg også vil gjere til mitt: Alle skal ha tilgang til det vakre og det skjønne!

I boka Kjelder til levande vatn, viser Gebara korleis vatn omgir liva våre og korleis liva er avhengig av det. Kroppane våre treng vatn, vi har blitt til som menneske omgitt av fostervatn, vi treng alle frisk og reint vatn og vatn og hav som blir forureinsa trugar alt liv. Vatn er ikkje ein illustrasjon eller eit bilde. Det er noko kroppar er avhengige av. 

Vatn går også som ein straumande elv frå dei første sidene i bibelen til dei aller siste, frå vatnet som blir skapt samtidig med jorda til den elva av levande vatn som renn i paradiset: «Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå trona åt Gud og Lammet».

Også Jesus var sjølvsagt avhengig av reint vatn. Ein av dei lengste samtalene han hadde var med enno ei av alle dei namnlause kvinnene. Dei møttest ved ein brønn der Jesus ba ho om å trekke opp vatn. Brønnen var ikkje noko tilfeldig møteplass. I tillegg til å vere ein kjelde til vatn både for menneske og dyr, var brønnen heilt opp til vår tid også den lokale informasjon- og nyheitssentralen. Det var der Konerne ved vandposten fortalde kvarandre kva som skjedde. Jesus som gjennom heile livet kryssa grenser, var nok ein gong på framand mark og vendte seg til ei samaritansk kvinne. Ho forstod ikkje kva han meinte og kvifor han skulle trenge vatn. Det vart ein samtale og eit møte der Jesus sette ord på kor livsviktig levande vatn er. Kvinna opplevde å bli sett som menneske. Ho sprang glad tilbake til landsbyen og ropte ut: «Kom og sjå!»

Slike oppfordringar til å sjå, går som ein raud tråd gjennom bibelen. Frå Gud såg at det som var skapt, var godt, til skildringa av Jesus som seier som sitt siste ord: «Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve» på bibelens siste side.  

I talen frå berget utdjupar Jesus denne oppfordringa om å sjå: Sjå! På fuglane! På liljene på marka! På graset! (Matt 6, 26-30) Orda er rett og slett ei oppfordring til sjå og sanse det som omgir oss: Alt det vi ikkje har skapt, fuglar, blomster, gras tilmed.  Det er viktig å løfte fram denne enkle oppfordringa om å sjå akkurat no. For mange av oss har vent oss til å tenke at når bibeltekstar så vel som anna litteratur skildrar noko synleg og kroppsleg, er det berre illustrasjonar og bilde som peikar på noko anna? Noko «andeleg» og ukroppsleg kanskje? Kor mange av alle oss som har lese Fuglane av Vesaas fleire gonger, kan gjere greie for korleis ei rugde ser ut og oppfører seg? Kva med å ta Jesus og kvinnene på ordet? At vatn er vatn, brød er mat og ei lilje rett og slett kan vere ei lilje.  

Livet som omgir oss, er truga. Vi snakkar om at vi no er inne i den antropocene tidsaldar, der mennesket set preg på alt liv på kloden. Og ikkje til det beste: Regnskog brenn, artsmangfaldet minkar drastisk, natur blir øydelagt på grunn av global oppvarming, eller forureining, eller stadig nye byggeprosjekt for å sikre stadig vekst. 

Folk som blir engasjert i naturvern og kamp mot klimaendringar, oppdagar raskt det same. Ein kan ikkje gjere det og samtidig tru at økonomisk vekst er ein natur-lov, tvert om det er ein natur-trussel, ein trussel mot alt liv.

Plutseleg blir det tydeleg for mange av oss, dersom vi les det frå starten, så å seie, frå Gud som skapar og livet som gitt, at starten på det Jesus seier rett før i bergpreika gir tydeleg meining. Tru og ten Gud, skaparen av himmel og jord! Og slutt å tene Mammon (Matt 6, 24). For du kan ikkje tene både Gud og mammon. Kva er mammon? Det er pengar, innflyting, eigen makt, å vere avhengig av stadig økonomisk vekst. Folk som blir engasjert i naturvern og kamp mot klimaendringar, oppdagar raskt det same. Ein kan ikkje gjere det og samtidig tru at økonomisk vekst er ein natur-lov, tvert om det er ein natur-trussel, ein trussel mot alt liv. Alternativet er altså å sanse det som er og setje pris på det som er gitt, og ikkje investere alt i aukande aksjepris og stadig økonomisk vekst. Tru på Gud, forsake mammon. Korleis? 

Drive på med det som er. Bake. Dele brød. Sjå at det ligg rett framfor augo våre. «Da e mens me bala med da so e,/ at me ventar på da rike».

Ho som bakar brød, den modige kvinna som bryt inn i mannsfellesskapen og salvar, ho som feirar saman med vennene. Eg trekkjer slike kvinner fram frå gløymsla og eg vil heidre minnet deira ved å gjere som dei. Dei er ikkje bilde på noko anna, dei er forbilde.

Litteratur:

Ivone Gebara: Longing for Running Water: Ecofeminism and Liberation, Fortress Press 1999.

//

Effektene av pandemien og klimaendringene påvirker kvinner og menn forskjellig. Både klimakrisene og pandemiene rammer de fattigste og syke hardest, og 70 % av verdens fattigste er kvinner. Vi vet at det ofte er fattige kvinner som er ansvarlige for matproduksjon og sanking av mat, vann og brennstoff for oppvarming og matlaging. Disse oppgavene kan bli svært vanskelige etter ekstremvær. I mange kulturer har kvinner også tradisjon for å organisere samfunnene, herunder økonomi og utdannelse, og kvinner i mange kulturer er førstelinjen i omsorgsarbeidet når sykdom og pandemier rammer. Likevel blir kvinner ofte ikke hørt når det tas politiske avgjørelser. 

Hele narrativet til klimakampen har vært mannsdominert, med kvoteprat, tiltaksstrategier og mange store ord. Hvordan kan kvinners språk og erfaringer bidra til å bygge fellesskap og infrastruktur som er rustet i møte med omveltende forandringer? Har kvinner større forutsetninger for å tolke og oppfatte en krisesituasjon, og er kvinner dermed bedre forberedt og egnet til å løse kriser? Undersøkelser i flere land viser at det er menn som har størst andel av klimafornektere.

Slike store spørsmål har våre bidragsytere fått seg forelagt i denne serien som har latt seg realisere takket være støtte fra NFF.

Tidligere artikler i serien:

Elisabeth Eide: Afghanske kvinners kraft

Cecilia G. Salinas: Bærekraftige fremtider i plantasjeocen

Gro Ween: Kvinner og klimaendringer i Arktis

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑