Kva kan lover og forvaltning fortelja oss om forholda vi har til naturen og til omgjevnadane våre?
I det tverrfaglege kunstprosjektet «Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet» vil vi læra meir om vår forvaltning av naturen og våre grunnleggande natursyn ved å sjå på ein lovtekst. Vi ynskjer å sjå teksten og våre forhold til naturen på nye måtar og med kritiske, poetiske og fabulerande blikk. Prosjektet handlar såleis om bevisstgjering, kunnskap, poesi og fellesskap.
Les mer «Dei viltlevande marine resursane ligg til felleskapet / Karolin Tampere og Randi Nygård»




