Frittgåande notat; ei opphakka studie av menneskearten / Brynhild Grødeland Winther

(Eg har gått i ei slags felle.

It`s called a human trap.

Rulletrapp.
Det mest underlege, er
at eg etterpå skulle ønske at eg ikkje hadde revet meg laus.
Villdyr. Viljelaus. Vaniljesaus.

Kvar er du når du ikkje er inni tankane mine?

Du sagar hol i rommet, slik at stjernene kjem inn.
Så bråkar du med slagborren. Stillheita
som budde inni natta, blir flerra opp.
Snart er taket borte.
Du stoppar ikkje.
Til slutt tek du restane av rommet og puttar i svarte søppelsekkar.
Du knyt knute på sekkane, som om du var redd for at rommet skulle freiste å kome ut.

Så set du deg ned på golvet, og
ser på skogen rundt deg.
Den gamle mursteinspipa, er ein monolitt bak ryggen din.

Habitat.
Eg fyrer opp i omnen.
Snart står sola opp, og
når eg vaknar er du ikkje her.)

1. Ord er pinnar som ligg att i skogen etter at bjørnen har brøyta seg veg. Ein kan ikkje forstå verda ved å bruke ord. Ein kan heller ikkje forklare skogen ved å samle pinnar. Ord er berre ei mangel på betre kommunikasjonsmåtar. Ord kan òg brukast for å gjere forståeleg, det mennesket ikkje kjem nær, grunna dårleg utvikla sansar. Ord, er kanskje òg litt av årsaka til avstanden mellom mennesket og naturen. Distanse definert.

Orda du les no, er lausrevne pinnar. Små bitar av noko som ligg utanfor språket. Ei anna gong skal eg kaste pinnar inn i natta, så kan du prøve å løpe etter dei.

(Lengre inni skogen, kor ingen stiar går, finst ei rekke fotspor som sakte blir fylt med regn. Snart liknar den ei snirklande rad med små tjern, i molda
mellom trer
øtene på skogen sitt golv.)

2. Eg har studert menneskearten over tid, og finn arten både fråstøtande, tiltrekkjande, kvalmande, vakker, interessant, og tåpeleg, på same tid. Ein treng ikkje presse meg hardt, for å få fram ei inrømming om at eg ikkje ser mennesket som ei slags kronjuvel i evulosjonspyramiden.

(Skogen er som ein sau; den luktar meir når den er våt av regn. Du er ikkje der no. Difor trer lydane betre fram.)

3. Det var den dagen eg fekk bekrefta at klimastatistikkane utelukka måler produksjon. Statistikkane seier ingenting om forbruk. Det betyr at om ein held fram med å flytte produksjon ut av landet, er Noreg snart best i verda på klima. På same tid kan ein auke forbruket. Menneskearten hugsar ikkje at eit kvart objekt ein produserar, er laga av råvarer, og materie frå det som blir kalla natur.

(Eit spor, er som ei setning.
N
år ein kjem til slutten av setninga, finn ein kanskje eit veldig stort dyr.)

4. Natur, er det mennesket ikkje er ein del av. Mennesket er noko anna. Noko unaturleg. Natur er det ein går ut i når ein har behov for å hente råvarer til å produsere fleire ting ein ikkje har bruk for, eller om ein treng rekreasjon. Ein kan ikkje finne kvile i samfunnet. I kvardagen. I det menneskelege habitat. Men, det viktigaste med rekreasjonen, er ikkje stillheita eller kvile. Det viktigaste er å ta fine foto ein kan dele på internett. I naturen kan ein ikkje gå med vanlege klede, men ein bør ha sminke, så ein ser fresh ut på bileta. Ein skal heller ikkje bruke paraply på fjellet, eller i skogen. Kleda ein brukar i naturen skal helst vere laga av syntetisk plaststoff i sterke fargar.

(Hundar likar å tygge på pinnar, og
i skogen ligg det pinnar som bjørnen har tissa på. Bjørnetiss regnar vekk, men

ein kan drikke vatnet som har vore i regnbogen.)

5. Ein kan ikkje lage noko, utan å øydeleggje noko. Eg har høyrd folk sei «me må jo framover», og eg lurer på kvar dei skal. Kva ser dei der framme i horisonten, som ligg utanfor mitt snevre synsfelt?

(Når skogbotnen ikkje svelger raskt nok, vil det snart ikkje vere plass til meir regnvatn i fotspora. Når det renn over kanten, blir konturane borte.)

6. Mennesket utgjer ei trussel mot eigen eksistens, og har til ein viss grad blitt bevisst si rolle som den mest destruktive arten, eller fenomenet, på kloden. Sjølvinnsikt i kombinasjon med ansvarsfråskriving.
Å ta vare på naturen, ligg ikkje til den menneskelege natur.

Handlekraft.

(Somme netter vaknar eg, våt
av sveitte, og
med eit brennande
ønske om at eg hadde min eigen gravemaskin.)

7. Språket har mista bakkekontakken, og blikket stirar inn i atmosfæren kor statistikkane bur. Ein ser ikkje klimatiltaka sine konsekvensar for naturen. Ord er lausrevet frå jord. Slik er det på mange område; orda er viktigare enn fenomenet dei er meint å omtale.
Det finst òg menneske som snakkar saman, utan å ha noko dei vil sei.

(Ei rekkje fotspor i skogen, kan bli ein bekk.
Etter kort tid vil fotspora på botnen av bekken renne vekk. Vatnet har alltid vore her, og det renn mellom linjene, og mellom moldpartiklar. Ein anna dag er regnet t
årer.
Så blir det borte i sj
øen.)

8. Menneske har reist langt med fly, for å ha møter kor dei kom fram til kor mange grader tempe- raturen på kloden skal ha lov til å stige. Når ein har skrevet noko på eit papir, og opptil fleire viktige personar har signert, kan ein kalle det ei naturlov.

(Ein kan forstå eit språk flytande. Det som flyt, kan ein ikkje halde fast.)

9. Alle veit at klimaet har vore i kronisk endring. Dei store endringane var før mennesket kom, så ingen kunne ta notatar. Men ein har lese tida sine spor i geologien, i fjellet og steinane. Det som gjer klimaendringar til noko anna denne gonga, er at mennesket har konstruert samfunnsformer, og levesett, som ikkje tåler endringar utanfrå.

(Ord som renn inni røyr, dreg ikkje med seg mold, eller lause pinnar.
Dei kan heller ikkje endre retning med mindre røyret gjer det.
Det blir sagt at eit røyr blir karakterisert av at det omsluttar eit samanhengjande langt hol, og

at eit røyr både har ein utgang, og ein inngang.
Inngangen og utgangen blir borte når røyret blir satt inn i eit lukka system.)

10. I følge somme, er løysinga på klimaproblemet å leggje ned oljeindustrien. Kanskje har dei rett. For frå oljeindustrien får ein òg grunnstoff som blir brukt til blant anna produksjon av medisin. Grunnstoff kan framstillast i laboratorier, men det er svært kostbart. Om ein ikkje lengre hentar ut grunnstoff frå jorda til å produsere medisin, vil berre dei rikaste ha råd til det. Viss berre dei rikas- te har råd til medisin, vil ein på sikt bli kvitt fattigdom. Slik kan ein nå FN sine utopiske bærekraft- mål. Om det er mindre menneske på kloden, vil alle kunne auke velstanden, utan at det øydelegg heile naturen.

Ein kan sjølvsagt opprette ei anna form for industri, kor ein tek grunnstoff til medisinar frå andre delar av jorda. Kanskje delar av jorda som er meir synlege enn ein haug med hol på havsens botn. Men, då kunne ein kanskje heller ha halde fram med oljeindustri, for ingen vil at konsekvensane av menneskeleg eksistens skal vere synlege, med mindre det har ein viss estetikk.

(Regnet såg ut som om det var limt fast på vindauget med super-lim. Grenseland. Det var den dagen tanken lausgjorde seg fullstendig frå kroppen, og gjekk ein anna veg. Eg trur det var ein lang omveg.)

11. Det er noko ubeskriveleg vakkert ved tanken på jorda etter at menneskearten har utrydda seg sjølv. Når det ikkje lengre finst tomme ord, eller støy frå ventilasjonsanlegg. Når dei store skipa har slutta å frakte klimavenlege varer. Når skogen går over streken, og veks seg inn i byane. Når ingen bryr seg om bokstavane som ligg klemt mellom sidene i bøkene. Bøker som sakte blir til mold. Næring.

Råte, og sopp, er i motsetnad til menneske, føresetnadar for liv og grøn vekst.

(Du måtte gå først inn i skogen. Så løp eg frå deg. Innover.)

12. Det er viktig å understreke at ein god samfunnsborgar, skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar, ved å vere med på grønvaskinga av økonomisk vekst. Viktig å repetere at ansvaret for klimaet, ligg hjå politikarane, og individet skal ikkje måtte endre levesett. Gamle industriar skal erstattast med ny industri. Det som kjenneteiknar ny industri, er at den er tilpassa tida; det betyr at produkta har kort levetid, så ein kan produsere meir, i raskare tempo. Det er viktig å få leve eit godt liv. Inspirasjon er noko ein finn på kjøpesenteret.

Å utfalde seg, handlar i hovudsak om å falde ut lommeboka.

(Eksistensiell krampe i foten.
Inni draumen ligg eit mørkt tjern.
i tjernet flyt ein robåt.
I robåten står ein kontorstol frå 1980-talet.

Optimisme. Miss me.
Månen dirrar i dei små bølgeskvulpa.)

13. Menneske deler tid opp i små bitar. Tida no, blir kalla antropocen. Starten på antropocen, er satt til den industrielle revolusjon. Ein har valgt å sei at industrien er problemet, utan å eigentleg ta inn over seg at industri er ei konsekvens av menneskeleg aktivitet.

Kanskje kan ein sei at den menneskelege natur er årsaka til problema. Ein kan ikkje reise vekk frå seg sjølv, men i tidlegare tider, var jordkloden stor nok til at ein kunne reise vekk frå konsekvensane av sine handlingar.

(Inni stillheita utanfor språket, ligg det ville dyr og søv i skogen.)

14. Menneska treng fleire vindturbinar, fleire batteri til el-syklane, og el-bilane. Fleire nye bussar. Nye støvsugarar. Nye telefonar. Alt må byttast ut raskt, så ein har rom for alt det nye, som stadig blir meir klimavenleg. Dei oppbrukte rotorblada til vindmøllene, blir begravd under mold, eller mala opp og lagra i store hallar i Danmark. Planen var at nokon skulle ta imot avfallet, og bruke det, men så blei det ikkje slik. Likevel vil dei ha fleire vindmøller. Somme meiner det er best å plassere dei lagt ute i sjøen. Kanskje fordi ein då hverken ser fuglane som blir kappa i fillebitar, eller oppsmuldringa av rotorblada som drysser over jorda. Ein må ha meir. Meir. Meir straum, så ein kan halde liv i arbeidsplassane, syklane, datamaskinane, og kosedyrfabrikkane. Menneskeheimane skal vere kronisk avhengig av straum for å ha ventilasjon, og stillheita er noko ein kan få kjøpt på bruktbutikkar, men den er så tynnslitt at det somme stadar er store hol i den.

(Eit lite hol i veggen, er det einaste som skal til for å utvide horisonten.
På matbutikken kan ein kj
øpe sekkar med jord, og
ein kan plante b
øllefrø, og dyrke Satan i mjølkekartongar i kjøkkenvindauget.

I skogen snakkar fuglane i kjeften på kvarandre.
Det blir sagt at menneske kan tygge på ord.
Mellom tennene renn varm mj
ølk med honning.)

15. No finst det ikkje fleire tomme, levelege plassar å flytte til, når ein har destruert eit område. Difor leikar somme med tanken om å kolonialisere andre planetar.

(I lommane mine ligg fine små steinar, og
under graset ligg jorda og roterar og roterar.
Utan å falle ned.
Steinar blir bolta fast i klippene langs vegen, men

spurvane blir ikkje limt fast i fuglebrettet, og
potteplantene slepp ein aldri ut.
På botnen av sjøen, står det opptil fleire høge fjell, kor ingen menneske har satt sin fot.)

16. Det ligg noko og ulmar i språket, mellom linjene. Noko som enno ikkje har byrja å brenne.

(Lufta brettar seg rundt skuggane som tung hud, og
eg vil at dine spor skal krysse mine, før spora rekk å forlate foten.

Eg trur det er slik det må kjennast å vere menneske.
Heilt ut i fingertuppane.

I den indre natur står ein mørk skog. Bak eit tre står ein komode, og
i den midterste skuffa ligg eit hologram.)

17. Avtrykk er resultat av press. Trykk mot underlaget. Vekta av vegen ein valde å gå. Ein snakkar om klimaavtrykk. Føtene har mista kontakten med molda. Menneskelege spor, er ein del av atmosfæren, som om arten allereie har forlatt kloden.
Asfalt.

(Ein anna plass i skogen, ligg ei felle.


 
It`s called a human trap.


Eg har eit kompass i nattbordskuffa.)

18. Å ha dårleg tid, betyr ikkje at tid er dårleg, men at den er dårleg disponert, så den ikkje kan strekkjast utan å ryke.
Det er ikkje den dårlege tida ein skal slå i hæl, men daudtida.
Den er liksom daud på førehand, og då gjer det ingenting. Kadaver.
Men det var i daudtida ein skulle vere mest levande.

Det er berre når ein står heilt i ro, med begge føtene planta på bakken, at ein kan kjenne kva vekst eigentleg er.

(Kvar er du når du ikkje er inni tankane mine?


Når vinden blæs i det lange håret ditt, blir alle bokstavane borte.

Ein anna dag, forstår du
kanskje
kvifor insekt som berre er vakne om natta, bruker heile livet sitt på å flakke kring lampa utanfor fjosdøra…
…making sense, heilt sjølv liksom.)

// Denne teksten er publisert med støtte fra Bergesenstiftelsen. Vi takker!

This image has an empty alt attribute; its file name is Bergesenstiftelsen-sekundaerlogo-svart-PNG-220x300.png

Kommentarer er stengt.

Blogg på WordPress.com.

opp ↑