Den nederlandske Shell-dommen er ei heimelekse til verdas olje- og gasselskap.
Mykje kan skje på tre år. For tre år sidan satt eg på eit jussbibliotek i Nederland og studerte klima og menneskerettar. Med «studerte» meiner eg at eg i likskap med dei andre studentane på biblioteket ignorerte pensum, til fordel for å gruble på kva som kom til å skje når Urgenda-saka endeleg skulle opp i nederlandsk høgsterett.
Heilt unaturleg var tidsbruken likevel ikkje, for startskotet for ei bølgje av banebrytande rettsavgjerder som anerkjenner samanhengen mellom klimaendringane og menneskerettane var i ferd med å gå i Haag. I Urgenda-dommen frå desember 2019 slo nemleg nederlandsk høgsterett fast at Nederland måtte skjerpe utsleppskutta sine. Dette var første gong ein domstol konkluderte med at staten er forplikta etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) til å verne borgarane frå farlege klimaendringar. På dei tre korte åra sidan Urgenda-dommen kom har Nederland vorte kjent som ein produsent av progressive rettsavgjerder på klimafeltet. Den siste i rekka kom i mai 2021, og denne gongen sto selskap sine plikter for tur.
Tingretten i Haag dømde selskapet til å kutte 45 prosent av dei globale klimautsleppa sine innan 2030.
Frå statar til selskap
Det er ikkje lett å seie sikkert kvifor dei banebrytande klimaavgjerdene har ein tendens til å kome frå akkurat nederlandske domstolar. Kanskje har det noko å gjere med landets tradisjon for vindmøller og sykkel og tog som føretrekte framkomstmiddel. Eller kanskje det er fordi delar av landet ligg såpass langt under havnivået at trugsmålet frå klimaendringane kjennes litt nærmare enn i ein del andre statar? Kanskje det er på grunn av – heller enn på tross av – at landet er heim til ein storprodusent av klimagassutslepp, nemleg olje- og gassgiganten Shell.
For det var nettopp Royal Dutch Shell, eit av verdas aller største olje- og gasselskap, den siste klimadommen frå Nederland gjaldt. I mai 2021 tapte selskapet første runde i saka mot miljøorganisasjonen Milieudefensie. Tingretten i Haag dømde selskapet til å kutte 45 prosent av dei globale klimautsleppa sine innan 2030. Dette inkluderer utslepp som kjem frå sal av olje og gass.
Dommen blei (til ingen si overrasking) anka, og avgjerda er i skrivande stund ikkje ferdig handsama i domstolane. Likevel har saka fått stor merksemd langt utover landegrensene, ikkje ulikt merksemda Urgenda-dommen fekk då den først vart avgjort.
Ingen nederlandsk raritet
Og kva skulle til for at den vesle tingretten i Haag skulle felle olje- og gassgiganten Shell? Kva grunnlag fann domstolen? Jo, ikkje noko mindre ein ei uskriven norm for aktsemd i nederlandsk skadebotrett. Mildt sagt ei juridisk nisje, og kanskje ikkje den første staden ein ville ha gått på leit etter nybrottsjuss.
Likevel kan ein ikkje avfeie avgjerda som ein nederlandsk raritet. For medan den tyske forfatningsdomstolen sin siste klimadom har blitt skildra som ei tysklekse i klimarett, kan ein sjå på avgjerda mot Shell som ei slags mattelekse. Det interessante i avgjerda ligg nemleg ikkje først og fremst i resultatet, sjølv om resultatet er banebrytande nok i seg sjølv. Det mest interessante er korleis domstolen har rekna seg fram til svaret.
Klima og menneskerettar – frå Urgenda til Shell
Aller først er det verdt å nemne at reglar for aktsemd ikkje er unikt for nederlandsk rett. Dei er heilt grunnleggjande, og dei finns i ei eller anna form i dei aller fleste rettssystem. Me har ein rettsleg plikt, alle saman, til å vere varsame slik at me ikkje utset andre for fare. Det gjeld anten me er menneske, statar eller selskap.
Domstolen baserer seg heller ikkje på den ulovfesta aktsemdsnorma åleine. Domstolen tolkar norma i lyset av menneskerettane, nærare bestemt retten til liv og fysisk integritet slik dei er nedfelt i EMK artikkel 2 og 8. Tingretten legg altså lang på veg til grunn det same menneskerettslege resonnementet som har blitt etablert praksis i ei rekkje europeiske domstolar post-Urgenda. Tingretten slår fast til at retten til liv og retten til privat- og familieliv i EMK (samt dei tilsvarande rettane i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar) gir borgarane eit vern mot følgjene av farlege klimaendringar, og at staten er forplikta til å verne desse.
Dommen er ei historielekse – både om fortid og mogleg framtid.
Så tek tingretten det eit steg lenger. I utgangspunktet er det statar, og ikkje selskap, som er forplikta etter EMK og andre menneskerettskonvensjonar. Men selskap er likevel forplikta til å respektere menneskerettane, og å hindre menneskerettsbrot, gjennom FNs rettleiande prinsipp for selskap sitt menneskerettsansvar og OECD sine retningslinjer for ansvarleg næringsliv. På bakgrunn av dette slår tingretten fast at Shell er forplikta til å hindre brot på retten til liv og privatliv som følgje av farlege klimaendringar.
Dommen er også ei lekse i naturfag. Tingretten la til grunn IPCC-rapporten då dei fastla aktsemdsnorma. Tingretten har med andre ord tatt utgangspunkt i den gjeldande klimavitskapen og kva tiltak som er naudsynte for å nå 1.5-gradersmålet.
Ålmenta si tragedie < alle monnar dreg
For det tredje er dommen ein leksjon i samfunnsfag og spelteori. Tingretten kjem med fleire prinsipielt viktige standpunkt og avviser tvert nokre av gjengangarargument i klimapolitikken. Tingretten avviser mellom anna argumentet om at klimaendringane er ei følgje av alle statar og selskap sine samla utslepp, og at ein dermed ikkje kan halde kvar einskild aktør ansvarleg. Domstolen stiller derimot krav til eit stort selskap som Shell. Dei peikar mellom anna på at Shell åleine, som eit massivt globalt oljeselskap med samla utslepp høgare enn mange statar, bidreg betydeleg til dei globale klimaendringane og risikoen dei utgjer for menneskerettane.
Her heime er det verdt å nemne at me nettopp har fått openheitslova. Den nye lova byggjer på FN sine rettleiande prinsipp om selskap sitt menneskerettsansvar.
Tingretten peikar vidare på at all reduksjon i klimautslepp vil ha ei positiv effekt, og at Shell har eit sjølvstendig ansvar for å gjere «sitt» for å kutte i utsleppa dei har kontroll over. Shell vart med andre ord ikkje høyrt med påstandar om at kutt i deira utslepp ville kunne leie til auka utslepp frå andre.
Nytt startskot i Haag?
Til sist er dommen ei historielekse – både om fortid og mogleg framtid. Rettsutviklinga i klimaretten skjer minst like raskt som klimaendringane sjølv. Nederlandske domstolar har gjerne vore først, men sjeldan sist ute til å kome med viktige klimaavgjerder. På kort tid har domstol etter domstol i land etter land avsagt dommar som byggjer på det same resonnementet som først kom i Urgenda. Det er ingenting som tilseier at det same ikkje kan skje med Shell-avgjerda. Sjølv om saka enda ikkje er endeleg avgjort er det lite som tilseier at den ikkje vil kunne stå seg i dei høgare instansane. Det er verdt å nemne at både Shell-dommen og Urgenda-dommen først sto for den same tingretten i Haag.
Vidare vil Shell-avgjerda ikkje vere den siste avgjerda me ser om klima- og menneskerettsansvaret til selskap. I Frankrike pågår det eit liknande søksmål mot olje- og gasselskapet Total. Milieudefensie har også varsla at dei truleg vil gå til tilsvarande søksmål som Shell-søksmålet mot opptil 29 andre selskap i løpet av våren. Fleire søksmål pågår på andre sida av Atlanterhavet i amerikanske domstolar.
Her heime er det verdt å nemne at me nettopp har fått openheitslova. Den nye lova byggjer på FN sine rettleiande prinsipp om selskap sitt menneskerettsansvar, og forpliktar Noreg til å fremje verksemder si respekt for grunnleggande menneskerettar. Dei rettslege instrumenta som Shell-avgjerda byggjer på er med andre ord relevante også for Noreg.
Mykje kan skje på tre år, og truleg er me framleis heilt i starten av rettsutviklinga når det gjeld selskap sitt menneskerettsansvar – både generelt og når det gjeld klimaendringane. Så olje- og gasselskap bør – på same måte som eg burde ha gjort attende i 2019 – setje seg ned og gjere heimeleksene sine.
/
Mina Haugen jobbar som rådgjevar i Noregs institusjon for menneskerettar (NIM). Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og har ein LL.M. i internasjonal og europeisk rett frå Radboud Universiteit Nijmegen i Nederland med spesialisering i klima, menneskerettar og migrasjon. I 2019 forfatta ho rapporten «På flukt frå klimaet» om klimafordrivne sitt menneskerettsvern, på oppdrag frå Changemaker. Ho er òg medlem i fagutvalet for klima- og miljøspørsmål i ICJ Noreg. Tidlegare har ho studert samfunnsvitskap ved Høgskulen i Volda.
Foto: Hanna Johre/NIM
//
2021 var ikke bare året der ekstremværet for alvor traff Europa, men også året der miljøbevegelsen vant banebrytende seire gjennom klimasøksmål i ulike land. Dette står i kontrast til det norske klimasøksmålet fra desember 2020, der Høyesterett frifant staten. Norge er nå klaget inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, der også andre tilsvarende saker er på trappene. Gjennom artikkelserien «Det store gjennombruddet?» tar Forfatternes klimaaksjon pulsen på rettsutviklingen som skjer internasjonalt, og undersøker hvilken rolle domstolene kan spille i å bidra til politisk endring både her hjemme og i andre land.
Tidligere artikler:
Agnes H. Lindberg: Rettighet, plikt og frihet
Jenny Sandvig: Hva kan vi vente oss fra EMD?
Simon Balsnes, Natur og Ungdom: Neste stopp Strasbourg
Marius Gulbranson Nordby: Saken som tok livet av Grunnlovens miljøbestemmelse
Esmeralda Colombo: Snapshots fra fremtiden